Lauvåsen (20.06.2016)
Ascents | Lauvåsen (502m) | 20.06.2016 |
---|
Turen til Lauvåsen er ein fin kveldstur for oss som bur på Fister. Eg starta turen ved Fister skule og følgde vegen til Solbjør. Ved P-plassen tek eg snarvegen på stien opp til eg kjem på vegen igjen. Frå Solbjør og opp til toppen er det slutt på asfalten og grusveg heilt opp. Eg brukte 40 min. opp frå skulen, og litt kortare tid ned. Fantastisk utsikt over Ryfylke frå toppen, og mykje spennande botanikk langs vegen opp.
User comments