Archive - Date
Archive - Activity
Peakbook-Friends
Topptur på trøndersk
- Date:
- 21.05.2016
På besøk hjå slekta i Beitstad fekk me med oss ein tur til Jønnemsklumpen. Dette er høgaste toppen i dette området, og me får ei flott utsikt over trønderske fjell. Ein heilt anna type fjell-landskap enn det me er vane med, med definitivt ein fin tur. Vår tur starta i tunet på Opdal østre, og gjekk først beint opp lia på traktorveg. Når traktorvegen tek slutt er det vidare på sti oppover lia og innover (nordover) fjellet. Turen frå Opdal tek 30 - 40 minutt. Frå toppen kan ein blant anna sjå austover til Skjækerfjella og sørover mot Sylan.
Hardhausen - 4 toppar på Jøsneset
- Date:
- 15.05.2016
1.pinsedag kvart år arrangerer Jøsneset helselag og Jøsneset ungdomslag Hardhaus/3 nut-tur. Det er eit ypperleg høve til å få seg ein flott tur på fleire av toppane på Jøsneshalvøya. Vår tur starta på Foss der me parkerte bilen. Derifrå er det ein dryg halvtimes tur på traktorveg opp til Foss-stemmen der me registrerar oss, og sjølve turen startar. Me gjekk for å fullføre 3 nuts-turen først, og starta med å gå vidare på traktrorvegen opp til Skiftustølvatnet. Her svingar løypa av austover, og me gjekk først til Valafjellet, deretter vidare til Gunlanuten, og til slutt til Røsseniben. Løypene er merkte, men det er råd å ta nokre snarvegar utanom dei merkte løypene. Vel nede til Skiftustølvatnet gjekk me for å fullføra Hardhausen, og ta med oss Norda Høgaste på >>>
Utsikt over Ryfylke - Bandåsen
- Date:
- 08.05.2016
Endeleg kom me oss på Bandåsen! Denne fjelltoppen har vore ein del av utsikten i store deler av livet. I mitt daglege virke ser eg på Bandåsen kvar dag frå kontoret mitt. eg ser sola skine på toppenn, og eg ser toppen bli gøymt i skodda. I dag blei dagen der turen gjekk til topps på Bandåsen. Me var to som starta turen allereie heime på Fister, med sykkeltur til Hjelmeland. Der kom resten av gjengen med og alle tok ferja over til Skipavik på Ombo, der me var ca 9.50. Me var to vaksen og fire barn i alderen 9 til 13. Frå Skipavik gjekk turen vidare på sykkel til Tjeltveit. Her sette me frå oss syklane og tok beina fatt. Turen går oppover lia på fin sti/ gammal kjerreveg. Me passerte Bragaholå, ein gammal husmannsplass, og vidare på traktorveg opp til Helgaland. Denne garden >>>
Vårefjellet
- Date:
- 02.05.2016
Turen vår starta frå vegen til Bjødnabu, først på traktorveg mot sørvest. Deretter kryssa me over Stølsåsane og rett vest til toppen av Vårefjellet. Toppen ligg på 526 moh, men varden ligg på eit lenger nord på 516 moh. Flott utsikt over Hjelmelandsbygda og vidare nordover. Nedturen gjekk ned mot Bukkaløgjene/Langamyra, og vidare på myra sør for Stølsåsen tilbake til bilen. Kjempefin tur i eit terreng med mykje spor etter både elg, hjort og rådyr.