Topp i Telemark-prosjektet (14.03.2015)
Ascents | Røysdalsnuten (1,291m) | 14.03.2015 |
---|
Berre ein topp til samleprosjekta så langt i vinter, har prioritert km på ski, men denne hyttehelga hadde eg planlagt å utvide samlinga Telemarks-toppar. Valet fell på Røysdalsnuten, høgast punkt i Lifjell, ikkje kommunetopp, men høyrer til den fine samlinga med kremtoppar i Telemark, toppar med pf større enn 500. Vi køyrde til Flatdal og tok vegen opp Grunningsdalen. 60 kr i bompengar. Parkerte på plassen ved Grimås. Det bles overraskande nok, ikkje ei sky, men altså noko vind og knallhard skare. Vi gjekk opp dei bratte kneikane til vi kom opp på platået, men i staden for å følgje løypa, gjekk vi nutane og liene til venstre, og kom ned til Årstaultjønni. Der sett vi frå oss skia, og gjekk med stavar opp den bratte renna til venstre for nuten og runda så bakifrå og kom greitt opp på toppen. Årstaultjønni ligg på 1111, så vi gjekk altså 180 hm på beina. Det bles kraftig, men fantastisk utsyn med nye vinkler på kjende fjell, Skorve, Ordalssåta, Rust, Mælefjell, Gaustatoppen, Ble og jonsknuten. Niste ved Årstaultjønni, så ned til Store Tjorbutjønni, og inn på løypa etter kvart. Der var det nykøyrde spor. På den fine tømmerhytta ved sporet stod det minus 2 grader, men i Flatdal var det 10 pluss. Frykteleg hardt ned kleivene til parkeringa. Vi brukte vel dryge 5 timar på 13 km og ca 700 hm. Mange fine bilete, og moro å stikke hol på nytt terreng - som er herleg! Tom og Uncas var med.
User comments
Missing title
Written by anneirik 14.03.2015 19:31Høres ut som en flott tur!
Sv: absolutt!
Written by bakken59 15.03.2015 18:15Og tenk at dette fabelaktige terrenget har eg late liggje i fred i 55 år!