Ettermiddagstur (30.07.2015)
Ascents | Furufjellet (994m) | 30.07.2015 |
---|
Ny tur oppom Furufjell, men første gong eg har logga turen. 4,45 km, 1 time og 30 min inkludert prat i bakken oppover med Heidi S som var på veg ned. Skjønner ikkje heilt at det kan vere 425 m stigning, men 334 m fall?? Trur mest på det siste, men eg gjekk altså ikkje same rute opp som ned, men start og slutt var på hytta. Både sol og regn på same tur. Glad for å seie at Uncas var med, første turen hans etter at han var ordentleg sjuk tidlegare i sommar.
Kommentarer