Super skirunde (09.03.2013)


Map
Ascents Gråfjell (1,466m) 09.03.2013
Høgevarde (1,459m) 09.03.2013

Køyrde frå Halden og Oslo og møttest på Tempelseter. 50 kr i bompengar. Hadde planlagt dette lenge, og var lei oss for litt snø og dårleg sikt. Minus 8-10. Gjekk til venstre i løypa frå Paerkeringsplassen og til venstre att i løypekryss der det stod skilt med Fiskeløysinga. Kom opp på Gråfjell frå nord. Dessverre ikkje noko spektakulært utsyn, men nok til å skjønne at dette er fabelaktig flott terreng! Sol gjennom skyer. Gjekk så sørover til Høgevard der vi rasta på hytta, før vi gjekk litt tilbake langs vatnet og opp på toppen frå nord. Utruleg utforkjøring rett ned til Tempelseter. 24 km, 1250 høgdemeter. Kaldt i kinna, men ganske stille og ikkje mykje snø. Overnatting på Borgarstua i Eggedal. Kan verkeleg anbefalast! Middag og himmelseng. I dag er vêret perfekt, kald og heilt blå himmel. Prøver oss på Hallingnatten. Anne, Eirik og Tom var med i går.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.