Archive - Date
Archive - Activity
- Bike trip (6)
-
Drive (1)
- Car drive (1)
-
Ski trip (107)
- Backcountry skiing (74)
- Cross-country skiing (19)
- Trip by foot (416)
Peakbook-Friends
Favourite trips
Favourite peaks
Lang flott tur til Oddevassheia og Venehei
- Date:
- 25.06.2021
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 9:00h
- Distance:
- 24.6km
Greidde å rydde plass til ei langhelg denne siste helga i juni, for no er det så langt til alle kommunar eg ikkje har dekt, at ei vanleg helg blir litt knapp for topprosjektet. Denne gongen var eg ute etter dei vestlegaste kommunane i Vest-Agder. Det er langt å køyre frå Oslo! Vi starta etter jobben og i trafikken på torsdag. Måtte stoppe hos gamle foreldre på Sathelle, og dermed var vi framme i Knaben kl 0100 natt til fredag. Vi kasta opp tomannsteltet på campingsplassen, det måtte gå fort, for heile plassen surra av knott. Og vel inne i teltet var taket svart av knott etter å ha hatt teltet det opent lenge nok til å krype inn. Ikkje anna å gjere enn å krype ned i soveposen og dra den over hovudet.
Vi køyrde opp til gruva morgonen etter for å få litt lufting rundt knottsvermen, >>>
Ny rekord til Rust
- Date:
- 18.06.2021
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 1:29h
- Distance:
- 5.8km
Etter hyttekontor køyrde eg til Dammen og gjekk alt eg kunne til topps. Persa med 30 sekund. Har ikkje så mykje å gå på no, må betre forma ein del for å kome under 43 minutt, kjenner eg. 43.19 i dag. Omtrent det same nedatt. 1 time 29 minutt. 482 hm. 5,78 km. Gjekk aleine.
Kosetur til Furufjell
- Date:
- 05.06.2021
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 2:10h
- Distance:
- 5.2km
Gjekk frå hytta til Furufjell. Nydeleg vær. Hyggjeleg turfølge. 5,2 km, 2 t 11 min. 339 hm. Tellef var med.
Personleg rekord til Rust
- Date:
- 04.06.2021
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 1:28h
- Distance:
- 5.5km
Heimekontor på hytta. Etter jobb gjekk eg så raskt eg kunne frå Dammen til Rust. Greidde å perse med 3 minutt. Fin temperatur å gå i. Stadig betre vær. 23.56 opp, 1 time og 28 t/r. 489 hm. Gjekk aleine.
Vettakollen og Fuglemyrhytta
- Date:
- 02.06.2021
- Characteristic:
- Hike
- Duration:
- 1:31h
- Distance:
- 7.4km
Sykla til Ankervegen, gjekk så raskt til Vettakollen og Fuglemyrhytta og tilbake. 7,4 km på beina, 1 t 31 minutt, 287 hm. På sykkel 5 km, 19 min og 66 hm. Aleinetur.
Rust i mai
- Date:
- 29.05.2021
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 2:02h
- Distance:
- 5.7km
Så kom sommarveret til Østlandet og Langlim. Tom og eg køyrde til Valedammen og bestemte oss for å gå så fort vi kunne til topps. Vi brukte under 47 minutt, men kom ikkje under min rekord på 46.26 frå 2016. Så det får bli fleire forsøk framover sommaren. Drakk og spiste ein bolle i lyngen på toppen, før vi gjekk roleg nedatt. Stoppa og snakka med hyttenaboar på veg opp to gonger. 2 timar og 3 minutt. 5,67 km, 481 hm. Tom var med. Herleg tur!
Vårkveld til Vettakollen
- Date:
- 20.05.2021
- Characteristic:
- Trip by foot
- Duration:
- 1:13h
- Distance:
- 5.6km
Sykla opp til Ankervegen, gjekk derifrå. Sykla heim att. Fin vårkveld.
Rust på beina
- Date:
- 29.11.2020
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 2:07h
- Distance:
- 6.0km
Artig tur til Knurrlinatten
- Date:
- 28.11.2020
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 2:45h
- Distance:
- 11.0km
Startpunktet var Nørsteteig.
Tom sette meg av ved Nørsteteig i Svartdal før han køyrde til Seljord for å handle. Nydeleg gard! Så følgde eg vegen forbi den vesle private stavkyrkja og flotte hyttetun, så inn til Skrøyva før eg tok av mot vest. Det gjekk greitt opp til Knurrlinatten. Flott typisk Telemarks-nut med supert utsyn i alle retningar, Brattefjell var delvis inne i ei sky, men Rust låg fritt og fint rett i vest. Eg gjekk så vidare vest og sud mot Vetrhus der eg inspiserte kusine Sigruns siste byggeprosjekt. Deretter vegen ned til Fossheim der Tom stod og venta ved bommen. Fine frosne myrer, men eigenleg ikkje snø anna enn flekkvis. 10,98 km, 1 t og 47 min, 430 hm. Gjekk aleine.
Furuåsen og Hovdehytta
- Date:
- 22.11.2020
- Characteristic:
- Trip by foot
- Duration:
- 1:08h
- Distance:
- 3.3km
Liten tur i Asker. Parkerte langs vegen og gjekk bratt over så raskt pusten heldt. Flott utsikt ved hytta og fleire småbarnsfamiliar. Gjekk så litt bakover for å finne toppunktet som var av den beskjedne sorten. 3,26 km, 1 time og 8 minutt på føtene, 220 hm. Tom var med.