Archive - Date
Archive - Activity
-
Climbing (2)
- Alpine climbing (2)
- Other trip (31)
-
Other winter trip (2)
- Snowshoe trip (2)
-
Ski trip (410)
- Backcountry skiing (64)
- Randonnée/Telemark (345)
-
Trip by foot (1077)
- Alpine trip (1)
- Hike (274)
- Hillwalk (772)
- Jogging (2)
- Walk (2)
Collected lists
- Stryn ≥ 50m pf
- Sunnmøre ≥ 100m pf.
- Stranda ≥ 50m pf
- Gloppen PF>50
- Øytopper i Møre og Romsdal
- Herøy ≥ 50m pf.
- Stordal ≥ 100m pf.
- Ørsta ≥ 50m pf
- Ørskoghalvøya p.f. >= 100 m
- Herøy ≥ 100m pf.
- Vestnes ≥ 100m pf.
- Ørskog ≥ 100m pf.
- Sykkylven ≥ 100m pf.
- Møre og Romsdal kommunetopper
- Nordfjord 50m pf
- Møre og Romsdal ≥ 100m pf.
- Møre og Romsdal ≥ 500m pf.
- Rauma ≥ 100m pf.
- Romsdal ≥ 100m pf.
- Rindal ≥ 100m pf.
Favourite trips
Favourite peaks
Gloppen: Veten, Bolberg og Kiursnakken
- Date:
- 24.10.2016
- Characteristic:
- Hike
Ein trippel i Gloppen kommune som ein sopar med seg i ein fei om ein er litt på høgget. Veten. Kom frå sør og tok av på Kleivedammen mot Sandane sentrum. Etter 200 meter til høgre mot Valborgkleiva i tunnel under hovudvegen. Betalte kr 40 bomveg og kjøyrde til vi såg skilting Veten 1t. Parkerte der. Det er muleg å kjøyre enno lenger, eller ein kan gå heilt frå bommen. God sti i fin furuskog heile tida. Bolberg. Denne er veldig enkel. Kjøyrde mot Føleide og parkerte på veiens høgste punkt. Fulgte skogsveien nesten til toppen. Så er det nokre få meter på sti til masta på toppen. Kiursnakken. Frå tunnelen under flyplassen er det ca 500 meter nordover til ei tydeleg avkjøyrsle vestover. Parkerte ved hovudvegen før 70-tallshuset. Gjekk gjennom eit ruskereir til ein entreprenør >>>
Førde: Skjerveholten
- Date:
- 24.10.2016
- Characteristic:
- Hike
- Duration:
- 0:30h
- Distance:
- 1.8km
Kom frå Førde, tok av på Moskog mot Gaularfjellet og så vidare til høgre mot Åsane. Parkerte før brua som går over elva frå Åsvatnet. Gjekk 150 meter til første vika, der tok vi av over eit høgdedrag på svak sti mot kraftlinja. Over ei myr der, og ein finn ein sti som går først til trigpkt så vidare i retning høgste punktet. Enkel kjapp tur til ein ubetydeleg skautopp i Førde kommune.
Rauma: Vakkerstølen
- Date:
- 21.10.2016
- Duration:
- 51:07h
- Distance:
- 45.7km
Møre og Romsdal pf 100 1003/1156 Rauma pf 100 136/161 Hadde ikkje rekna med fleire turar i Rauma i år. Men godveret vil ingen ende ta, og Gard var interessert i ein tur til Vakkerstøylen. Gard er hovudpersonen i den handlingslause miniserien Gard Severin. I tillegg vinnar av årets Skåla opp BMI-klassen. Ein allsidig mann med humør langt over middels. http://www.fjordingen.no/incoming/2016/08/13/Suveren-klassevinnar-13174567.ece Kom til Tunga fredag ca 1000 etter tidleg start frå Ålesund. Fulgte den merka ruta til Vakkerstølen. Tørrt og hardt å gå over frosne myrar og bekkar. Konstaterte at det var folketomt i hytta, pakka om sekkane og gjekk mot Bjørnegga. Gjekk nesten fram til vatnet 1284 i Halsholet før vi tok opp mot Veslbjørnegga. Her var det litt snø i den austvende sida, det var ikkje godt å gå i det heile. Vidare nordover til skaret mot Bjørnegga >>>
Rauma: Nonstinden, Møre og Romsdal nr 1000!
- Date:
- 13.10.2016
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 4:20h
- Distance:
- 8.9km
Låg lenge og drog meg i bilen i dag. Bikkjekaldt, trumaen fekk gå ein time før eg våga meg ut under dyna. Så var det heller ikkje noko superlang tur eg skulle på, så greitt å vente til sola hadde fått tak. Parkerte på Nedre Røsta parkeringsplass. Her var det skilta i alle retningar og infotavle. Skilting til UTEDASS var det og. Fulgte stien mot Stordal/Fokhaugstova mm. No hadde eg heldigvis info frå Lise om stien bak jakthytta. Den var lett og finne, og den tok meg over skoggrensa. Så var det berre å peile seg opp steinura til ryggen og vidare lett til Nonstinden 1573. Nokre få snøflekkar oppover, mot toppen på det flate partiet litt meir snø, men ingen vanskar. Brukte akkurat 2 timar opp. Boka som Palmer Øverland la ut i 2000 var langt frå utskriven. Dette er nok ein flott >>>
Rauma: Middagstinden og Kinnakollen
- Date:
- 12.10.2016
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 6:15h
- Distance:
- 12.1km
Hadde overnatta i bilen på Måna Camping. Kjøyrde bomveg, kr 90, mot Bøstølen og parkerte rett over brua der den merka ruta til Tindevatnet startar. Det var frose til, så hardt og fint å gå myrpartia langs elva. Snart oppe i sola vart det svettebyer og lettelse i antrekk. Runda rundt på nordsida av humpen 943 i skaret. Tenkte å ta denne på returen, slik vart det ikkje. Nå er den uvesentlig så det gjer forsåvidt ingenting. Opp bratt ur til den flotte ryggen som går til Middagstinden. Skjønte med ein gong at her vart det endringar i planane. På austsida av ryggen går det ei hylle/renne nedover i retning Kinnakollen. Denne skulle testast ut! Vidare langs den spennande og flotte ryggen til det luftige og meget fine toppunktet på Middagstinden. Lang og god pause i sola, her snakkar >>>
Rauma: Prosten, Langfjellet, Trollstolen, Blåstolen
- Date:
- 11.10.2016
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 8:26h
- Distance:
- 23.1km
Første dag av eit kort 3-dagersraid i haustferien. Kom til Måndalen måndag kveld og overnatta på Måna camping. Runda over desse toppane er veldig fin. I skoggrensa ca 460 moh ligg det nokre hytter. Her møtte eg trivelege folk som var der på overnattingstur med veslejenta. Flott plass å tilbringe nokre dagar i den solvende sida der. Elles såg eg hverken folk eller fe på turen. Meir info finst under bilda.