Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Surnadal: Snota og rundtur (pf 100 komplett)

Date:
14.07.2018
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
9:56h
Distance:
39.6km

Møre og Romsdal pf 100 1144/1161 Vi var stasjonert utan for huset til Bjørn Fillipsveen i Surnadal i heile 5 netter denne ferien. Han lånte villeg vekk sykkelen sin så vi kunne sykle den flate Vindøldalen. No var det min tur, målet var Snota. Skodda hadde sett sine preg på dei siste dagane og den var gjeldande i dag og. Låste fast sykkelen ved siste parkeringsplassen og trakka dei siste 300 hm til Vassdalsvatnet til fots. Skodda møtte meg oppi der, eg var litt spent og skeptisk til dagen som hadde 4 pf 100 på lista. Skimta eit par personar ved eit telt og gjekk bort for å slå av ein prat. Det var søstrene Ida og Mari frå Rindal som nettopp hadde sett opp teltet. Dvs dei hadde gått oppver rett før meg og var no klar for ein tur til Snota. Ingen var sikre på noko rutevalg oppver >>>

Map     1 comment

Surnadal: Durmålshaugen

Date:
13.07.2018
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
4:45h
Distance:
7.2km

Møre og Romsdal pf 100 1140/1161 Parkerte på Solem etter tilvisning frå bonden sjølv. Det er merka parkering Solemsetra, men denne var blokkert av eit gruslass. Stikk-ut post på setra, så populær tur dette. Veit ikkje om parkeringslommen registrert her er meininga å bruke, vi kjøyrde iallefall ikkje opp der med bubilen. No var han bonden så triveleg og pratesjuk at det tok tid å komme seg avgarde. Eg har erfaringar frå landbruk, derfor blir det ofte slik. Mjølkekvote, sommarmjølk, rovdyrtap, avlingar osv osv. Det er uendeleg med tema å gripe fatt i. Flott utsiktspunkt, kasse og bok, benk og blåbær på setra. Så vart det utan sti mot Durmålshaugen, men lett å finne fram. På toppen var det heilt nyleg lagt ut boks med nokre ark i. 2 namn innskrive, truleg lokalfolk. På returen >>>

Map    

Surnadal: Austover frå Neverholtnebba

Date:
13.07.2018
Characteristic:
Hike
Duration:
0:39h
Distance:
2.2km

Ikkje 100 truleg.....men når eg først er her. Lang grusvei innover Nordmarka. Parkerte ved Glitthaugen og rusla oppover under kraftlinja og til topps.

Map    

Surnadal: Trollhøtta svært utvida versjon med telt

Date:
11.07.2018
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
30:04h
Distance:
45.4km

Møre og Romsdal pf 100 1139/1161 Har grubla litt på denne runda, med lett overnattingsutstyr. 2 kjempedagar var meldt på yr og det var berre å knalle til. Telt, sovepose, underlag (tilsaman ca 2 kg), gassboks og brennar + litt ekstra mat. Vil tru sekken blir 3,5-4 kg tyngre enn eg vanlegvis går med. Det er til å leve med. Parkerte ved veidele og parkeringsplass på Kvennrotmyran. Heilt ok å starte her sidan eg ville komme ned på austsida av elva. No er det rute til Trollhøtta lenger inne i dalen. Eg ville starte med Brokkelnebba, og då var stien mot Snøfjellet det naturlege valget. Denne stien fann eg bak gjerdet vestafor Mellingsætra. Den er godt merka og enkel å følgje oppover lia. Litt hamrar og orientere seg mellom ned frå Brokkelnebba og Snøfjellet. Det som overraska meg >>>

Map     1 comment

Nesset/Sunndal: Toppar aust for Eikesdalsvatnet

Date:
04.07.2018
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
55:54h
Distance:
67.0km

Møre og Romsdal pf 100 1129/1161 Desse toppane kan angripast som dagsturar frå forskjellige vinklar og startsted. No har eg med fullt overlegg "sett igjen" desse til eit storprosjekt med telt. Bakdel; litt tyngre sekk. Fordelane er klare; mindre høgdemeter og lengdemeter, triveleg med telt, og ei litt anna tilnærming til heile greia. Låg mykje i telt og fiska før dette toppgreiene tok overhand. 2 krav måtte innfriast. Godt ver og god turkamerat. Meldingane var strålande, og etter å ha pirra Torleiv litt på facen beit han på. Min beste og mest trufaste turkamerat, samt lærarkollega. I tillegg har vi god kjennskap til, og felles interesse i landbruk og sport. Det betyr at praten går lett og ledig rundt eit utall emner. Kom fram til Osbu kraftverk i halvellevetida søndag >>>

Map     5 comments

Eid: Lotsbergstøylen

Date:
30.06.2018
Characteristic:
Hike
Map    

Sunndal: Hornet, Kaldfonna, Tårnet og Serkjenebba

Date:
27.06.2018
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
10:07h
Distance:
29.9km

Møre og Romsdal pf 100 1113/1160 Etter kjempeturen til Storsomrungnebba nytta eg bubilparkering til Sunndal Jeger og Fiskerforening. Kr 150 som kan vippsast. Dvs kort vei til byens etablissement der det vart pizza, øl og fotballvm. Likavel ganske tidleg start frå Grøa ca 0930. Parkerte nede ved hovudveien, det er merka Vangshaugen. Ein kan kjøyre eit par hundre meter oppover og parkere der på bra parkeringsplass. Så er det veldig god og flott sti innover dalen. Over bru aust for Dalasetra, og så ny bru over Serkja. Gjekk mot fossen langs elva, det er ikkje meininga. Søk stien litt innover i skogen. Stien oppover er veldig grei å følgje, berre å ete høgdemeter nok ein gong. Oppe i Serkjedalen bestemde eg meg for å gå runda over Hornet og Kaldfonna først og så sjå kva det vart >>>

Map     4 comments

Sunndal: Somrungnebber

Date:
26.06.2018
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
7:56h
Distance:
20.1km

Møre og Romsdal pf 100 1110/1160 janyga (Jan Arne Nygaard) har gått denne turen, og etter å sjekka rapporten var det klart at eg ville ta denne turen på ein kjempedag vermessig. Overnatta i bubilen ved parkering Eiriksvollen så og seie rett under brua. Stien er litt knotete i starten rundt nokre bøar men godt merka. Etter kvart veldig god sti oppver Falelia. Fulgte denne stien til ca 900 før eg tok av mot Litlsomrungnebbene. Ettersom Jan Arne hadde vurdert egga nordover frå første topp, var eg ikkje ned og kika eingong. Gjekk tilbake og runda rundt nede i sida utan å tape vesentleg høgde. Så over 1704 og lett til Storsomrungnebba. Fantastisk dag på toppane, vindstille og utsikt i alle retningar. Lite besøk så langt i 2018. Brukte mange snøfelt nedover mot Tverrådalen. Derifrå på sti resten av turen. >>>

Map     1 comment

Sunndal: Kleppen, Knubben og Hjellbønebba

Date:
25.06.2018
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
6:57h
Distance:
17.4km

Møre og Romsdal pf 100 1106/1160 Parkerte ved Ljøsåa kraftverk. Her er veldig god plass til mange bilar. Gjekk den bratte veien oppover til endes. Her er det merka med ein liten varde bratt opp skråninga og inn i skogen. Vidare utan sti gjennom lauvskog over skoggrensa. Skodda var tett og trykkande, men etterkvart kom eg over denne. Første topp var Kleppen 1534. Kasta eit blikk bort på Knubben 1530 og vurderte litt. Kva er høgaste her? Sjekka GPS på Kleppen, stabilt 1527. Vidare til Knubben der den viste stabilt 1529. Man kan alltids lure på kva som er høgast, eg er usikker. Skal du hit så gå på begge! Så var det å dukke nedigjen i skodda til Ljøsåvatnet på 1050, og seige 500 hm oppigjen til Hjellbønebba. Her var det overraskande greitt å gå sjølv om det var bratt. Ikkje >>>

Map    

Sunndal: Kalknebba og Litlkalkinn

Date:
24.06.2018
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
5:04h
Distance:
12.1km

Møre og Romsdal pf 100 1104/1160 Parkerte på Hoven langs ein hekk. Her er det plass til 5-6 bilar. Fulgte svært god og fin sti mot Storkalkinn til Tyskerhytta. Her tok stien av bratt oppver over ei ur. Så flata den ut og runda inn og opp mot Litlhareimdalen. Satsa først på Kalknebba som var hovudprioritet denne dagen. Fantastisk utsikt rett ned i Litldalen. Så ned snøfelt og opp til Litlkalkinn. På returen møtte eg totalt 6 stk toppturfolk og trimmarar. Nokre regndråpar innimellom men likavel kjempeflott tur.

Map