Archive - Date

Archive - Activity

Peakbook-Friends

So far I'm not a Peakbook-friend of anyone.

Collected lists

Opptur 8.kl. Tippaskaret - Blåsvednyken - Fossane, Eid, 909

Date:
08.06.2017

Første gongen Eid var med på Opptur. Arrangementet er for 8.klassingar. Frå EUS var det med omlag 70 elevar + vaksne. Eg var med som representant frå DNT/MNT. Vi fekk sponsa buss ut på Harpen av MNT :) Turen gjekk frå Tippasætra over Tippaskaret. Fin sti i starten og på slutten, men både sti og merking var vekke over myrane... Gjekk likevel greitt å finne vegen. Ole Johan underheldt med meir eller mindre sanne historiar! Vi hadde matpause på Tippaskaret, før vi delte oss: litt under halvparten gjekk opp på Blåsvednyken, medan resten gjekk rett til Fossane. På Fossane var det grilling og litt bading, før vi gjekk samla ned att til skulen. Flott dag, sjølv om vi fekk ein del vind og regn på toppen.

Map    

Dokka, Askvoll, 756 moh

Date:
05.06.2017

Hadde tenkt oss på Alden, men enda opp på Dokka i staden... Vi gjekk opp frå Ringstad og følgde ein traktorveg oppover eit stykke. Så gjekk vi over på sti og opp sherpa- trappene. Svært godt arbeid med å lage fine trapper oppover! Vi kom opp på Ringstadstøylen. Stien var ok å følgje eit stykke, men etter kvart vart den utydeleg. Vi klarte å sjå nokre små vardar (stein lagt opp på ein anna stein) som vi gjekk etter. Lengst oppe var det litt tåkedottar, men ikkje verre enn at vi kom opp. På veg ned att letta veret igjen. Vi kunne sjå langt utover! Fin tur med mamsa :)

Map    

Ossætra, Eid, 422 moh

Date:
03.06.2017

Ny trimtur på Ossætra med Line. Fint med ein pause frå eksamineringa...

Map    

Ossætra, Eid, 422 moh

Date:
30.05.2017
Map    

Trollenykjen, Eid, 898 moh

Date:
27.05.2017

T-tur Eid nummer to: Trollenykjen, med Jeanett. Måtte som vanleg forsere nokre snøparti langt oppe, men ingen problem å gå.

Map    

Skårhaugsnakken, Eid, 520 moh

Date:
26.05.2017
Map    

Utsikten Eid, 260 moh

Date:
14.05.2017
Map    

Skridulaupen Øst, Strynefjellet, 1949 moh

Date:
06.05.2017
Distance:
8.9km

Herleg dag på Strynefjellet. Kunne gå på ski heilt frå parkeringsplassen :) Stigning heile vegen, men med fellar på - ingen problem! Ned att vart det travelt i starten. Lenger nede gjekk det lettare å svinge... Med Kåre

Map    

Utsikten Eid, 260 moh

Date:
05.05.2017
Map    

Utsikten Eid, 260 moh

Date:
03.05.2017

Ny rundtur Smalebruna - Utsikten - Hogaåsen, med Reidun

Map