Archive - Date
Archive - Activity
Peakbook-Friends
Nibberittet: Geiranger - Dalsnibba 1476 moh
- Date:
- 12.06.2004
- Duration:
- 2:01h
- Distance:
- 20.7km
Nibberittet 0-1500. Turritt frå Geiranger til Dalsnibba 1476moh. Vi reiste til Valldal natt til fredag. Kom fram klokka 5 om morgonen. Vi køyrde Trollstigen mutters aleine. Litt skodde og trollsk stemning. Fekk sove nokre timar utover dagen, og stod opp til nydelig vær!! Soling og avslapping ved vogna. Nydelig torskemiddag til kvelds på Fjellro. Laurdag var dagen. Nok ein flott dag. Passe temperatur. Var ganske nervøs før start. Angra og grudde meg. Såg opp mot dei høge fjella rundt. Opp dit!! .. Vel, det gjekk veldig bra. Eg hengde meg på nokon frå Stranda Sykkelklubb. Ei jente og tre kara. Karane måtte sleppe ein etter ein. Vi tok igjen ein del på veg opp til Djupvasshytta. Det var ingen som tok oss igjen etter Flydalsjuvet, så det var tydelig at då hadde alle funne sitt tempo. >>>