Orkdal: Omnfjellvarden på skarp skare. (23.12.2015)


Start point Langlihausen parkeringsplass (397m)
Endpoint Langlihausen parkeringsplass
Characteristic Hillwalk
Duration 3h 00min
Map
Ascents Omnfjellet (830m) 23.12.2015
Omnfjellvarden (846m) 23.12.2015
Skoglifjellet (542m) 23.12.2015
Svartholhausen (808m) 23.12.2015
Visits of other PBEs Langlidalen parkeringsplass (397m) 23.12.2015
Steinbrothytta (600m) 23.12.2015

Ny dag i Trondheims nærområde. I dag stod Omnfjellvarden for tur - ein topp med fristande primærfaktor i eit område eg ikkje har vore før.

I grålysninga køyrde eg fast bilen i stålskaren på Langlidalen parkeringsplass. Eg håpa at plussgrader ut etter dagen kunne bedre sjangsane for å få den laus, så eg luska avgårde oppetter myrane utan å gjere noko meir med det der og då.

Det var skare som for det meste heldt vekta, men som var veldig glatt til tider. Merkinga var god, men på særtrøndersk vis noko usamanhengande. Eg mista raskt stien, og sikta meg inn på ei litt meir direkte linje mot toppen.

Nett då eg kom opp på topp-platået stod sola opp i sørvest (som den gjer i Trøndelag, i motsetning til andre stader). Nydelig fargespel og ei fantastisk utsikt, særlig nordover. På vestlandet var det lavtrykk på lavtrykk, og desse la Trollheimen i tussmørke. Trøndelagen, derimot, hadde så klar luft at eg såg både Fongen og noko som eg lurer på kan vere Brannheiklumpen i Steinkjer (??).

kobbenes_20151223_567ad45f9faad.jpg
kobbenes_20151223_567ad48496567.jpg

Eg tok så sikte på høgste toppen, Omnfjellvarden (847). Her tok eg ei skjevepause og naut utsikta. Deretter kjapt ned til Omnfjellet, der den store varden og boka er.

kobbenes_20151223_567ad4e5c7d4a.jpg

Her kan ein visst få kjentmannsmerket i Orkdal. Merkelig kjentmannsutdanning som ikkje går til høgste punktet? Litt trist å tenke på alle som har skrive i boka og snudd her, utan å sanka dei friske 520 primærfaktormetera 10 min unda. Kvifor går folk på fjellet eigentlig?

kobbenes_20151223_567ad5043381e.jpg

Skaren og lyset var så fint her oppe at eg svinga bortom Svartholhausen også, før eg gikk via Steinbrothytta nedatt.

Der byrja prosjektet med å få laus bilen. Det hadde ikkje blitt tøvær i løpet av dagen, og den stod framleis bom fast. Når det passerte bilar passa eg på å virke opptatt med noko anna - det var så forbaska flaut å stå fast her. Etter ei stund lot eg stoltheita ligge, og tok imot hjelp frå ein lokal trønderbart som drog meg opp medan han doserte om hjort, ulv og gamle kraftverk.

User comments

  • -
    avatar

    Varder på ikke-høyeste punkt

    Written by arntfla 23.12.2015 23:18

    er ikke noe Trøndelagsfenomen. Den slags f...skap finnes over det ganske land. Spørsmålet ditt om hvorfor folk går i fjellet er et større spørsmål som jeg tror jeg vil la ligge til en annen gang ;). Takk for rapport

    • -
      avatar

      Sv: Varder på ikke-høyeste p

      Written by kobbenes 24.12.2015 00:40

      Det er mange viktige og mindre viktige spørsmål som pressar seg på når ein rotar rundt aleine i øydemarkja ;-) God jul!

  • -
    avatar

    Helt enig...

    Written by knutsverre 23.12.2015 21:37

    med dine betraktninger om merking av stier og topper på Omnfjellet. Vi erfarte det samme i sommer! Fine bilder - et helt annet vær enn på Vestlandet!

    • -
      avatar

      Sv: Helt enig...

      Written by kobbenes 23.12.2015 21:57

      eg hadde god nytte av din rapport for vegval, så eg hadde nok den i bakhovudet når eg såg kvar varden var satt ja :-) Det var rimelig grått sørover, medan nordover såg eg milevis. Så eg trur eg var rett på værskiljet

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.