Archive - Date
Archive - Activity
- Bike trip (1)
-
Climbing (77)
- Alpine climbing (9)
- Bouldering (9)
- Ice climbing (20)
- Mixed climbing (3)
- Sport climbing (3)
-
Drive (2)
- Car drive (2)
-
Ski trip (13)
- Backcountry skiing (2)
- Randonnée/Telemark (11)
-
Trip by foot (80)
- Alpine trip (2)
- Hike (11)
- Hillwalk (29)
- Jogging (25)
- Walk (12)
Peakbook-Friends
Favourite trips
Favourite peaks
Rumney
- Date:
- 01.06.2014
Herrrrlig dag i Rumney, perfekt temp, ikkje altfor mykje mygg, men diverre ingen foerar. Varma opp pa ZigZag Crack som kanskje er den finaste V1 i USA, eller i verden, eller i universet¿¿¿¿¿?????? og gikk sa fleire lette og moderate pene bulder. Utebuldreforma er ikkje heilt tippetitopp, men det kjem. Meget pen buldring med norsk stil.
Sa rota vi oss vekk i klatreklippene, og utan guidebok vart problema noko harde (til frustrasjon for Kona, som ville sende. Sjolv var eg ganske nogd nar forste ruta eg provde pa var 5.10a.
Etterpa vart det meget god mat og ol pa kafeen som ligg midt i krysset i Rumney (krysset der ein svingar av Buffalo Road), berre sa det er sagt.
Ticks buldring:
Zig Zag Crack V1 onsight
Left train track V1 onsight
Cilley Flakes V1 onsight
Rikochet V3 4-5 forsok
Firestarter V3 >>>
Franconia Ridge og Mt. Lafayette
- Date:
- 03.05.2014
I dag kom eg meg så vidt over tregrensa, for første gong hittil i amerikaoppholdet mitt. Valet fall på den populære turen til New Hampshire sitt 6. høgste fjell Mt. Lafayette via delar av Franconia Ridge. Enkelte kallar denne ryggen spektakulær. Andre har problemer med å kalle noko som heldst i Appalachiane spektakulært.
Vi gikk frå trailhead parking ved 93'en opp god sti gjennom skogen. Vi valde Falling Water Trail, som går til fortoppen Little Haystack Mountain, som igjen gir ein kilometer eller to med rusling på ryggen før ein kjem til sjølve Mt. Lafayette.
Stien var full av hardpakka snø, så det er tydelig at dette er ein populær tur også om vinteren. Vi tok stort sett igjen folk i bakkane. Amerikanske fjellgåarar kan laust delast opp i dei svært velutstyrte (walking sticks, >>>
School of trad i The Gunks
- Date:
- 19.04.2014
- Characteristic:
- Climbing
Finvær, langhelg, nytt trad-rack = The Gunks!
Køyrde frå Boston til New Paltz laurdag. Fin liten universitetsby, "alternativ" for den som likar slikt (og det gjer jo ein!), besøkte den meget velutstyrte butikken Rock&Snow, og så drog vi rett til klippene The Traps på Shawangunks 10 min utanfor byen.
Deilig temperatur, avslappa stemning, mykje folk, flotte ruter. Vi er relativt nye i trad-kunsten, så vi holdt marginane gode (5.2/3), men det var for det meste gode sikringar, og også enkle ruter baud på veldig artig klatring.
Siste dagen slo vi til med litt buldring, men etter å ha karra meg opp ein V2 med nød og neppe konkluderte eg med at kroppen hadde fått nok av klatring.
Men NESTE gong ... !
Frankenstein #2: Standard route
- Date:
- 16.03.2014
Ein pen men kald dag på Frankenstein. Sesongavslutning på is? Topptaua Pegasus (4), og leda Standard Route (II WI3, la inn eit lite opptak på slutten 3-4 m m WI4?). Standard route var ledemålet for sesongen, og vår første multipitch på eigen hand, så det kjendest veldig bra!! (For meg som leda. For kona, som fraus fast på standplass kjendes det litt kaldare). Hurra!
The Flume
- Date:
- 15.03.2014
Hæpp hæpp, solid workout på isklatregymmen The Flume. Fat lines, scrappy mixxx, isicle dancing, you name it! Untatt led då. Berre leik.