Archive - Date
Archive - Activity
- Bike trip (1)
-
Climbing (77)
- Alpine climbing (9)
- Bouldering (9)
- Ice climbing (20)
- Mixed climbing (3)
- Sport climbing (3)
-
Drive (2)
- Car drive (2)
-
Ski trip (13)
- Backcountry skiing (2)
- Randonnée/Telemark (11)
-
Trip by foot (80)
- Alpine trip (2)
- Hike (11)
- Hillwalk (29)
- Jogging (25)
- Walk (12)
Peakbook-Friends
Favourite trips
Favourite peaks
Forsøk på VMC Direct, Cannon: Granite state of mind
- Date:
- 12.07.2015
- Characteristic:
- Climbing
Store planar i dag - VMC Direct (9 tl, 5.10-11) er kanskje den stoltaste ruta på Cannon. Phil inviterte og eg, som kjenner meg i slag om dagen, slo til. Sov dårlig i heile natt og vakna med indre bilete av brutale fall og sikringar som poppa. Eg tok førstelengda (5.7), Phil andrelengda (5.10+) og tok tre fall på crux-overhenget. Då eg fulgte på til standplassen såg eg han ikkje var i toppform. Om det var den harde taulengda eller om det var dei 25 gradene eller noko anna var usikkert. Eg manna meg opp og tok tredje lengde (5.10+), og klara til mi forbausing å stable meg opp heile det 40 meter høge diederet som er denne lengda. Nydelig og delikat granittklatring heile vegen. Då Phil, som normalt klatrar hard 5.11 på trad og 5.13 på sport, kom hanglande etter såg vil at vil måtte gi opp draumen >>>
Peak 10 og Crystal Peak
- Date:
- 22.06.2015
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 4:30h
- Distance:
- 18.0km
Ny konferansedag med pause frå 12 til 17. Hoppa i joggeskoa og la i veg oppover dei etterkvart så kjende skibakkane. Målet for dagen var å kome meg litt skikkelig opp i høgda. Sidan eg var rimelig gåen i går (etter peakbook-bonanzaen på Peak 8,7,6,5) prøvde eg å ta ei litt roligare marsjfart i dag. Det virkar som at den tynne lufta slit litt ekstra på kroppen. Eg skulle mot Peak 10. Tok same rute som til Peak 9, og var oppe på ryggen under Peak 9 innan rimelig tid. Det var framleis eit stykke til toppen, som ligg litt lenger bak enn Peak 9. Heldigvis kan ein følge ein grusveg ganske langt, og den letta det bratte stykket opp til austryggen av Peak 10 ganske mykje. Deretter var det opp eit snøfelt til toppen, høgda kjendest godt. Toppa ut klokka 14, to timar etter start. Etter ei >>>
Peak 8,7,6,5
- Date:
- 21.06.2015
- Characteristic:
- Hillwalk
- Distance:
- 20.0km
Ny dag, nye moglegheiter! Dagens konferanseprogram hadde pause frå 12-17, og denne måtte jo brukast til noko nyttig. For eksempel sightseeing i Breckenridge sentrum? På ingen måte. Eg hoppa i joggeskoa og la i veg mot Peak 8. Det kjendest bedre ut opp bakkane enn i går, men eg tok meg også litt bedre tid. Vegen var rimelig strak: følg skibakkane til topps. USA's høgste skiheis går til toppen av Peak 8. Likevel vart det slitsomt nok på dei opptina snøfelta langs toppryggen. Klokka 2 stod eg på toppen, og bevilga meg ei banan medan eg såg bortetter ryggen. Konferansen starta ikkje att før klokka 17. Kanskje eg kunne svinge innom Peak 7 på veg ned? Det skulle ikkje ta så lang tid, og med denne tynne lufta er det jo oppoverbakkane som tar tid. Synd å kaste vekk all denne oppovertravinga >>>
Peak 9
- Date:
- 20.06.2015
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 3:00h
- Distance:
- 11.4km
Hæpp hæpp, konferanseveke i Breckenridge Colorado! Også i Colorado då, som kanskje er min yndlingsstat. Nesten som New Hampshire, berre finare fjell, finare vær og fleire digeridooar (samt fleire rikingar også, vel og merke). Eg ankom fredag kveld, og var litt seint i seng grunna rot med innsjekkinga. Like fullt gjorde tidsforskjela meg lys våken kl. 5. Konferansen byrja ikkje før 8:30, og rett bak hotellet låg peakbook-elementa på rekke og rad. Kunne ein rekke å skrape med seg ein topp før konferansestart? Eg hoppa i joggeskoa og la i veg opp dei snølause alpinbakkane. Raskt merka eg at lufta var noget tynn (pust pes). Toppane over meg hadde dei klingande navna Peak 8, 9 og 10. Eg var ikkje heilt sikker på kven som var kva, men eg sikta meg ut ein høg ein litt mot sør. Då skibakkane >>>
Cannon&Cathedral
- Date:
- 13.06.2015
- Characteristic:
- Climbing
Maur i baken! Eg må ut! Tenke planlegge ringe. Trad-helg i New Hampshire! Phil er alltid gira på klatring, og sa seg villig til både å vise meg nokon klassiske ruter på indrefileten Cathedral Ledge, samt tilby overnatting i nærmiljøet. Det byrja jo også å bli sesong på ytrefileten Cannon Cliff også! Cannon er kort fortalt ei stor granittklippe der granittlaga skalar av som solbrendt hud på nordmenn i syden. Det vil seie at den ikkje er trygg før langt ut på forsommaren, når lausgodset frå vinter og vårsmelting har rasa frå seg. Laurdagen gjekk til Cannon! Diverre hadde det vore eit heftig regnskyll dagen før, så det rann middels store bekkar gjennom ein del av planane våre. Vi byrja difor på Duet Direct (5.10+), ein totaulengder som Phil hadde sikla på lenge. Eg tok førstelengda >>>
Kancamagus Crags
- Date:
- 06.06.2015
Nydelig dag på "The Kanc", eit av New Hampshire sine gløymde juvelar. Dan og Phil støta hard sport på 5.12-talet, medan eg var fast bestemt på å bryte 5.9-forbannelsen min på kilar gjennom bestigning av Vultures (5.10d). Dette er noko av den flottaste klatringa eg har gjort, 10 meter med tekniske flyt på små lister og kantar, sikra i eit nydelig riss (som var for smalt til å få inn nokon fingrar) med små kammar og ballnuts. Artig! Etter ein god del forsøk (takk til kona som stod i ein sverm av blodsugande insekt halve dagen og sikra) gikk det endelig gjennom nokre desperate moves forbi siste crux-seksjon. Sendinga var eit faktum! Og då var forbannelsen sannelig broten: seinare på dag gjekk eg min andre 5.10 på kilar, og det som flash. Oh yeah!
Mount Monadnock
- Date:
- 24.05.2015
- Characteristic:
- Hillwalk
- Distance:
- 14.5km
Våren har kome for fullt i New England. På slike dagar kan ein ikkje henge svett i ei klippe som offer for alslags blodsugande utøy. Med sjokkerande få peakbookelement registrert hittil i år var det på tide å kome seg på fjellet! Men så var det å finne fjell då. Vi hadde sett noko som likna sist gong vi besteig ein Massachusettsk ås. Det viste seg å vere Mount Monadnock , visst nok verdas mest besøkte fjell (det er jo alltid noko). Men fjellet såg fint ut det, og vi bestemte oss for å gå dit. For å unngå folkemengdene og for å få ein litt lenger tur satsa vi på Pumpelly Trail. Det skulle vere 9 miles t/r, og såg ut til å følge ei pen egg. Det var ikkje mykje folk, og særs behaglig temperatur. Etter kvart som vi kom opp på egga var det av det bedre vi har opplevd i New England. Fjellgåing >>>
Yosemite 2/2: Half Dome ad Snake Dike
- Date:
- 01.05.2015
- Characteristic:
- Alpine climbing
- Duration:
- 15:00h
- Distance:
- 22.0km
Forventningar Kvar var kaffien? Der eg stod midt på golvet på deli’en i Yosemite village slo det meg at noko var feil. Det var ikkje likt meg å ikkje finne kaffien. Royal Arches dagen før hadde nok sparka frå seg sterkare enn eg trudde på energilageret – det var for så vidt greitt nok. Men den underliggande uroa gjekk mot noko anna: eg og Andreas skulle klatre El Capitan om 6 dagar, med overnatting og det heile. Ruta West Face skulle vere mogleg og gjennomføre på 2 døgn. Det var berre det at det var så innmari høgt. Andreas er psykolog med forkjærligheit for eksponeringsterapi, men eg var urolig allikavel. Eg prøvde å ikkje tenke på dette dei komande dagane. Eg henta Kona som kom med toget tysdag, og vi flytta inn i eit lerretshus i Houskeeping Camp. Dette viste seg å vere >>>