Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Mot Middagsfjellet

Date:
03.12.2021
Distance:
5.4km

Beinstrekk på veg heim frå Trondheim i det flotte vinterværet. Kor mange gonger har eg køyrt over her og tenkt på alle toppane eg skal gå på om eg berre får køyre turen aleine. I dag var dagen komen. Men høg skredfare hindra meg i den mest vidløftige planlegginga, så eg tenkte at Middagsfjellet kunne vere ein passelig sak. Det vart imidlertid raskt klart at føret var tungt. Lite mat i magen, enda mindre mat i sekken, og akutt muskelsvinn i låra gjorde at unnskyldingane stod i kø oppover bakkane. Berre såvidt eg klarte å nyte den fantastisk flotte utsikta! Men eg måtte faktisk gi meg på det. Neste gong skal eg ete TO pølser på ferga før eg begir met ut på noko slikt. Så då var det berre å renne nedatt og vende nasen heim, berre avbrote av ein tur innom UTE for det aller >>>

Map     2 comments

Høgegga og Heimste Blåfjellet

Date:
15.11.2021
Distance:
10.0km
Map    

Lundavarden

Date:
09.11.2021

Map    

Kremglopp: Ryssdalshornet

Date:
02.11.2021
Distance:
8.8km

Då eg landa ei lita vikarstilling som Naturfagslærar på Firda Vidaregåande på Sandane var sjølvsagt baktanken at dette kunne vere eit springbrett til turar i indre søre Nordfjord. Etter å ha erobra kremtoppane Kiursnakken og Bolberget i førre veke var det no på tide med ein ekte kremtopp. Eg satsa på at eg skulle kome meg opp og ned Ryssdalshornet utan at ungane vart låst inne på skulen og barnehagen. Det gjekk heilt fint. Først ein lang grusveg opp til Ryssdalssætra, deretter sti med innslag av via ferrata opp lia til ryggen, så lettgått til topps. Litt surt og ei byge her oppe, men utsikta var upåklagelig. Sikkert flott å ete skjeva si her oppe ein fin sommardag. Mange flotte turmål å sjå på for å seie det mildt. For min del vart det raskt nedatt og svele på ferga i >>>

Map     4 comments

Kremtoppar i Gloppen 2: Kiursnakken

Date:
27.10.2021
Distance:
1.6km

Endelig fekk eg kryssa denne av lista - og eg kan ta ferga frå Anda med fred i sjela. Diverre ikkje så flott utsikt her som på gårsdagens kremtopptur, men ein kan ikkje få alt kvar dag.

Map    

Kremtoppar i Gloppen: Bolberg

Date:
26.10.2021

Map     2 comments

Geitfjellet

Date:
13.10.2021
Map    

Bårdsfjellet

Date:
11.10.2021

Map    

Kveldsjogg til Snøgjøltinden

Date:
02.10.2021

Map    

Fingeren med klivrelaget

Date:
19.09.2021
Characteristic:
Alpine climbing

Siste dagen med føring for Klivrelaget - i dag var det Fingeren og Sylen som stod på menyen. Vi tok ei direkte rute opp nordryggen på Fingeren for å få litt klatring. Dette vart 2-3 taulengder med opptaksvis klatring og klyving. God stemning på toppen! Sidan det var mykje att av dagen tok Andreas med seg to av klubbmedlemmane på Sylen. Dette var meir krevjande greier, så her var det på med svasko. Eg vart att nede for å ta bilete og kome med oppmuntrande tilrop. Alle kom seg både opp og ned i god stil, og med det var ei flott helg i nydelige ørstafjell over. Takk for turen Andreas og Klivrelaget!

Map