Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Sv-egga på søre Blåtind med klivrelaget

Date:
18.09.2021
Characteristic:
Alpine climbing
Distance:
7.2km

I dag var det duka for føringstur med Klivrelaget. Vi hadde med fire forventningsfulle gjestar i fjellet i dag, og fekk ein flott tur med utfordringar, mestring og ekte fjellklatring i ville Sunmørsalpar! Takk for turen!

Map    

Sylen og fingeren

Date:
17.09.2021
Characteristic:
Alpine climbing
Distance:
8.8km

Denne helga var det duka for føring på Standalseidet. For å gjere ei lang historie kort: i mitt forsøkl på å skaffe meg praksis etter metodekurset vart eg spurt av Klivrelaget i Ulsteinvik om eg kunne få til føringsturar for klubbsamlinga deira på Standalseidet laurdag og søndag 18-19. sept. Sidan eg jobbar med dette på Hamna Trening på Nordfjordeid fann vi ut at dette måtte vi prøve å få til. Sidan vi sjølv ikkje har NF-godkjenning, fekk eg min gode venn og taulagsmakker Andreas Nordstrand til å hoppe i bobilen og kome nedover. Han har fullført NF høgfjell og hadde både papira og erfaringa i orden. Vanskelig å seie nei til ei helg full av klatring midt i Sunmørsalpane. Klivrelaget ønska turar kring Standalseidet, og vi landa på SV-egga på Søre Blåtind, og dei klassiske >>>

Map     1 comment

Tor og Tor

Date:
13.09.2021
Characteristic:
Jogging
Distance:
13.3km

I min iver etter å springe Laurdalen rundt på ein perfekt finværsdag har desse kremtoppane i nabolaget blitt ståande ubesøkt. I dag fann eg ut at nok fekk vere nok. Litt sein avgang gjorde at eg måtte vurdere turomfanget litt, men eg gikk for ein plan om å gå frå Furuhogane og sjå kor langt eg kom før eg måtte snu for å rekke barnehagen. Alt i alt ein flott dag i mitt næraste høgfjellsområde, med eit ruteval som eg trur var ganske effektivt. Her fikk ein både fin klyving, laus ur, og litt forskjellig imellom. Samt spektatkulær utsikt og mykje blåbær. Olina vart ikkje henta sist i barnehagen i dag heller, sjølv om marginen ikkje var enorm. Så æra i behold. Felden får stå til seinare.

Map    

Berstadhornet og andre vaksinedose

Date:
02.09.2021
Map    

Sørvestryggen på Søre Blåtind

Date:
31.08.2021
Characteristic:
Alpine climbing
Distance:
8.6km

Sørvestryggen på Søre Blåtind skal vere ein moderat klassikar av ein alpin klatretur i Sunmørsalpane, og eg fekk med meg Axel på tur på ein tirsdag. Det var litt medium værmeldingar og skodda låg lavt i fjella på mandagen. Men så tikka det inn bilete på insta om såkalla "underskya vær". Då vart mojoen skjerpa, og vi gikk for tur. Avgang etter skulelevering, så det vart ikkje akkurat alpin start frå Kalvedalen P-plass. Men det gikk radig opp etter bakkane. Yr hadde varsla at skodda skulle lette etter kvart, men det gjorde den på ingen måte. Men vi stod jo til slutt på innsteget, og då var det jo dumt å ikkje klatre litt. Grei klyving med tauet på dei to første lengdene før vi kom til det som måtte vere overhenget, som beskrive i føraren. Men vi var ikkje heilt >>>

Map    

Lotedagen og Sagetendane

Date:
29.08.2021

I dag fekk familien endelig hengt oss på Lise og Vinjar på fjelltur på Lote! Dei skulle på Lotsbygda sin årlige fjelltur for kaffidrikking og småprat. Dette måtte ein sjølvsagt få med seg! Turen gjekk opp til eit vatn ved vegen mot Sagetendane, så dette var tilgjengelig for dei fleste i familien. Vinjar og Eskil fann tonen godt, og den gode stemninga gikk på bekostning av framdrifta. Dette plaga somme meir enn andre. Minstemor fann også mykje å sjå på langs grusvegen: kuskit, stein, grus... vi nevner i fleng. Det var med andre ord rikelig med tid til å studere den flotte utsikta dei har på Lote. Men det vart kaffi på oss til slutt. Og somme våga seg tilogmed uti og bada. Deretter måtte man jo så klart på ein topp, og då ville gutane til sendaren på Sagetenden, for her var >>>

Map     1 comment

lundavarden

Date:
13.08.2021
Map    

Skarfjellenden

Date:
09.08.2021
Distance:
10.2km

Siste dagen på romsdalshelga tenkte eg å plukke eit par toppar rundt teltet. Men eg oppdaga ganske raskt at det var lite futt att i skrotten. Så det vart med Skarfjellenden, før eg gikk tilbake til teltet via den fine Alnesdalen, ein dal som har fostra storleikar som Karsten Alnæs og Frode Alnæs. Etter eit bad i elva tok eg turen til Stig-Arild, som har flytta til eit småbruk i Isfjorden. Han bydde på sjølvfiska fersk sei. Nam nam! Takk for no Romsdalen! Bratt og flott som vanlig!

Map    

Blånebba og Mjølvafjellet

Date:
08.08.2021
Characteristic:
Trip by foot
Distance:
10.2km

Dagen derpå turen til Store Trolltind var både eg og Erlend litt tomme. Det var litt snakk om ein kortare fjelltur, eller kanskje litt klatring på Hornaksla, men etter at Erlend fekk tenkt seg om over ein kanelbolle i Åndalsnes sentrum, hoppa han i teslaen og tusla seg heim til Trondheim. Eg hadde tenkt litt på at Blånebba kunne vere eit turmål, så eg køyrde til Venjedalen. Ikkje veldig mykje futt i kroppen i dag, men eg hadde god tid. Etter kvart kom motoren litt meir i gang, og det vart tilløp til småspringing bortetter romsdalsegga mot Mjølvafjellet. Deretter til Blånebba, med flott utsikt til gårsdagens turmål. Til slutt la eg turen innom Storhesten også, så slepp eg å sjå på den gråe nåla meir. Deretter softis og eit forsøk på å finne buldrefeltet på Skiri, noko >>>

Map    

Store Trolltind via nordaustryggen

Date:
07.08.2021
Distance:
15.2km

Eg og Erlend har lenge tenkt oss på nordaustegga på Store Trolltind, men ting har ein tendens til å ta litt tid før det blir satt ut i livet. I mellomtida har jo denne ruta blitt instagramfavoritt, og tilogmed 71 grader nord har rusla opp ruta. Vel vel, om den ikkje kunne reknast som ekstremsport lenger så har den kanskje til gjengjeld ein god sti vi kunne følge. Nervøs som eg er var det mykje diskusjon om vinden dagen før. Men då laurdags morgon kom var værmeldiga gode greier, og det var berre å kome seg avgårde. Vi hadde avgang frå Soggemoen 7 blank. Anmarsj og utmarsj gjer jo dette til ein lang tur. No skulle det jo vere mogleg å finne vatn på Norafjell, men grunna den litt tørre sommaren hadde eg fyllt camelbacken min bra allerede frå bilen – her skulle det ikkje bli tomt >>>

Map     4 comments