Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Joikatreff på Tromsøis

Date:
13.12.2017
Characteristic:
Ice climbing
Duration:
3:00h

Jobbtur til Tromsø i mørketida, og då må ei jo sjølvsagt nytte høvet til å kome seg ut. Etter litt sondering i venners venner fekk eg tak i rogalandsalpinist, kronikør og storveggsklatrar Leiv Aspelund, som nylig har gjort nordlending av seg. Han viste fram det lokale iscragget, eit steinbrot opp mot skianlegget. Det vart ei hyggelig affære i mørke og snøvær, der eg først leda opp hovedflowen, ca 25 m WI4, satte alle skruane, og steinslo det nye mixbladet mitt skikkelig. Godt å få banka rusten av ledepsyken igjen. Etter det vart det topptauturning på tappar og gardiner. På topptau er vi alle mesterklatrerar på is - sidan det er 95% psyke og 1% styrke. Leiv imponerte stort med sin medbrakte lyskastar. Cruxet for dagen var å finne att sakene under snøen som lava ned. Takk for >>>

Map    

Motbakketrening på Vassfjellet

Date:
07.12.2017
Duration:
1:00h
Distance:
4.7km

Treningstur med rando opp heistraseen på Vassfjellet. Månelyst og mildt. Blåste friskt på topplatået, så eg tok ikkje turen oppom sjølve toppen sidan eg var aleine i mørket. Gjennomslagsføre på toppen, men lenger nede var det smooth og slushigt. Låra vart surare nedover enn oppover.

Map    

Dr. Fugl og Duff Man - Nestvollan

Date:
02.12.2017
Characteristic:
Ice climbing
Duration:
4:00h

Iscragging i Drivdalen. Mats var gira på å gå Dr. Fugl (M5 WI5). Han tok seg av all den harde ledinga. Eg og Arve tok all den harde topptauinga. Vi lurte også inn Duff Man (WI5) før mørket kom.

Map     2 comments

Våttåsen med Eskil

Date:
26.11.2017
Duration:
1:00h
Distance:
4.2km

Vel vel, medan somme klatrar storveggar borti junaiten må andre ta seg av Melhus pf>100-lista. Fin tur på Våttåsen med Eskil i meisen. Glatt oppover vegen, men fint novembervær! Hadde håpa på utsikt på toppen, men tett trønderskog sperra for utsynet. Vi rusla nedatt og tok nista i bilen.

Map    

Til Estenstadhytta med Farfar

Date:
19.11.2017
Characteristic:
Walk

Farfar på besøk i Trondheim og fint vintervær. Eskil gikk nesten heilt ned igjen, og lo rått av folk som sklei på glatta.

Map    

Opning av isklatresesongen 2017-18 på Kongsvollfossen

Date:
11.11.2017
Characteristic:
Alpine trip

Det byrjar jo omtrent å bli tradisjon med sesongstart på Kongsvollfossen. Fekk med Arve og Mats. Stoppa på VPG for det aller mest nødvendige, før vi svusja opp i Drivdalen. God is, fint vær og god stemning. I dag prioriterte vi kos framfor frykt og ekstremsport. Først litt scrambling, så dei to første ordinære lengdene løpande, før eg fekk uttoppinga, som i dag var lett. Deretter retur, berre med stopp på Oppdal Bakeri for det aller mest nødvendige. Og ein nødstopp på polet for innkjøp av sterkøl. "Sterkøl er jo det aller mest nødvendige" meinte Arve.

Map    

Ilsvika-Våttakammen kveldstur

Date:
08.11.2017
Characteristic:
Hike
Duration:
0:38h
Distance:
3.5km
Map    

Storheia

Date:
28.10.2017
Duration:
1:10h
Distance:
10.4km
Map    

Buldring på Høvringen

Date:
22.10.2017
Characteristic:
Bouldering
Duration:
2:00h
Map    

Stokkanhaugen-Estenstadhytta

Date:
21.10.2017
Characteristic:
Walk
Map