Archive - Date
Archive - Activity
- Bike trip (1)
-
Climbing (77)
- Alpine climbing (9)
- Bouldering (9)
- Ice climbing (20)
- Mixed climbing (3)
- Sport climbing (3)
-
Drive (2)
- Car drive (2)
-
Ski trip (13)
- Backcountry skiing (2)
- Randonnée/Telemark (11)
-
Trip by foot (80)
- Alpine trip (2)
- Hike (11)
- Hillwalk (29)
- Jogging (25)
- Walk (12)
Peakbook-Friends
Favourite trips
Favourite peaks
Isklatring sesongstart på Kongsvollfossen
- Date:
- 06.11.2016
- Characteristic:
- Ice climbing
- Duration:
- 5:00h
Sesongstart på is opp Kongsvollfossen. Pål Christian var med, og hadde sin andre dag på is, med splitter nye himalayastøvlar og nomics. Det var -13 på parkeringa, men ingen fare for at man skulle fryse på beina, for å seie det slik. 3 andre taulag var i gang, men det gikk fint oppover. Dei to første var omtrent toppa ut, og vi klatra parallelt med nokre svenskar som hadde gjort moldensarar av seg. Trivelig stemning, sol, flott utsikt, og effektivt arbeid opp isen. Og ikkje minst slapp vi å finne vegen ned sjølv. På Oppdal vart det rømegraut og biffsnadder.
På slep opp Tilleråsen
- Date:
- 05.03.2016
- Characteristic:
- Ice climbing
Tur til Tilleråsen med Mats. Han tok stort sett ledertrøya i dag, og jogga først opp "Den andre i midten". Nydelig rute med masse spennande klatring. Diverre har all snøen gitt varierande iskvalitet. Start opp hjørnet på snø og is, opp formasjonar til høgre, spennande men med gode moglegheiter for stemming etc. Så ut på den fritthengande søyla frå god hylle. Delikat og supereksponert opp søyla (ingen skruar her!), så på roten is og snø inn i diederet over søyla (god sikring i busk). Litt vertikal snømåking før overraskande bratt sisteopptak til toppen. WI5 i dag (og pga søyla vil eg gjette at denne stort sett er WI5 då desse linjene sjeldan er veldig feite), 50m. Plassering for sikrar i botnen av ruta er utsatt, og ein bør vurdere å klatre opp under overhenget >>>
Tilleråsen isklatring
- Date:
- 21.02.2016
- Characteristic:
- Ice climbing
Eg har lenge vore gira på å sjekke ut isklatringa på Tilleråsen. Eg fekk med meg Pål Christian, som hadde skapet bre-fullt av ubrukt breutstyr. Mykje frysing og tining i det siste skulle berge for gode forhold, og det såg slettes ikkje verst ut! Tillerpillaren var ikkje i nærleiken av å botne, men for den som ønsker kan ein snike seg opp is på høgresida. Mix-starten såg også underholdande ut. Etter kjapp gjennomgang av grunnkurs isklatring gjekk vi laus på "Den til høgre"/"Right icefall"/? (WI3+). Eg merka kjapt at eg har leda lite denne sesongen, for eg skalv meg opp issvaet. Noko stressa sette eg halvvegs hengande standplass under cruxet. Pål Christian fulgte etter i god stil, og byrja allereide å spørje om kva sånn kult isklatreutstyr kosta. Bratta såg >>>
Finalehelg isklatring: something good and something bad
- Date:
- 07.03.2015
- Characteristic:
- Ice climbing
Denne isklatresesongen har virkelig vore ein opptur. Den byrja med eit sprang frå redd WI3-klatring i fjord til sjølvsikker WI4-klatring frå første dag i år. I tillegg så er desse klimaendringane årsak til mykje rart, mellom anna iskalde New England-vintrar, så isen har vore knallbra. Difor har det vorte mange helgar i bilen på veg til New Hampshire. No var det nett så vi byrja å bli litt metta, og vi beslutta å ta denne helga som sesongavslutning. Sidan vi etter planen er tilbake i Noreg neste vinter så var dette også kanskje siste sjangse til å ticke av nokon lokale klassikarar. Vi sette turen mot det mest berømte iscragget i New England, Frankenstein. Sendevind Været var behagelig: eit par minus. Men sola har byrja å ta godt, og mange soleksponerte isar hadde byrja å sjå >>>
Mad Skillz i Katskills
- Date:
- 20.02.2015
- Characteristic:
- Ice climbing
Denne helga gjekk turen til Catskills-fjella i upstate New York for litt isklatring. Vi skulle møte Andreas og Solveig frå Trondheim, som var ein rask tur i nordaust før dei dreg til California. Andreas og Solveig er forfordelte frå naturen si side både psykisk og fysisk, men sidan dei no er midt i eit friår med berre klatring har det liksom tatt heilt av! Eg og Kona har trent som pesten for ikkje å drite oss heilt ut i møte med våre trondheimsvenner. Med seg hadde dei Jens (4 år) som etter eit halvt år med buldring i Fontainebleau byrjar å bli rimelig forfordelt sjølv. Vi møttest i New Paltz, der dei leigde utstyr, før vi tok første dag i Devil's Kitchen . Temperaturen var noget stiv (ca -15grader), men sola varma, og det vart rett så koselig i dei solvende flowane. Rykta sa at isen i Catskills >>>
Sunnmørsk bestigning av Black Dike, New Hampshire.
- Date:
- 06.02.2015
- Characteristic:
- Ice climbing
- Duration:
- 7:00h
Denne rapporten vart orginalt publisert på Nordmøre og Oppdal sin største alpinblogg Alpinist.no. Men sidan den har vore nede ganske lenge no så trykker eg den også opp her, til glede for peakbook sine lesarar . Då eg fekk spørsmål om eg ville skrive eit innlegg på Alpinist.no var det to problem som raskt kom til syne. Det første var at eg er ein middelmåtig buldrar som nett har rista av meg høgdeskrekka, lært meg åttetalsknuten, og krafsa meg opp min første WI4. Det andre var at eg om dagen bur i Boston, New England, eit åskledd skoglandskap der alpinklatring definerast som klatring i dårlig vær. Korleis skulle dette finne sin plass mellom Tågbekken, Haisommer, Trollatraversen o.s.b. utan at eg skulle miste fullstendig andlet? Ettersom årets isklatresesong framskreid med overraskande >>>
Rykker opp i gradene på Kinsman Notch
- Date:
- 10.01.2015
- Characteristic:
- Ice climbing
Med eit durabelig kuldegyfs over heile New England siste veka var det krystallklart at det måtte bli isklatring denne helga. Alle kræmområda som ikkje har vore inne før i sesongen var no klare som egg. Team Norsk-i-Boston teama opp med Kevin for cragging på Kinsman Notch. Det første som var klart var at det framleis var kaldt. Ny dunis sørga for bli-ny-dag i Notchen i dag. Varm var den og - bedre å vere varm enn kald. Vi hakka oss først opp ein slab som stod i WI2+. Eg kjende den nyerverva WI4-sjølvsikkerheita frå før i sesongen boble i meg, og eg gav meg etter det til på ei kort WI4-pillar, som også gikk fint (men som dog gav meg kjennskap til fenomenet Screaming Barfies/Neglesprett). Kona rista av seg det midlertidige tapet av teknikk som har herja ho tidlig i sesongen, og topptaua >>>