Krosshøe og Dumhøe (10.09.2016)
Ascents | Dumhøe (1,634m) | 10.09.2016 |
---|---|---|
Krosshøe (1,627m) | 10.09.2016 | |
Krosshøe Vesttoppen (1,627m) | 10.09.2016 |
Som vanlig grått ver med regn i lufta på laurdag under PB-treffet, men denne helga blei starten på ein for meg heilt eventyrleg haust med nær 7 veker langt toppturraid i Oppland, Sør-Trøndelag og Nordmøre.
Fulgte stien frå Krossbu til Krosshøe. To topper har høgde 1627 og eg var fyrst på austtoppen. Lågt skydekke men glimtvis betre sikt. Droppa fotoapparatet i vona om å lokke fram litt betre ver. Gjekk vidare vest- og nordover forbi Aurkvee og så opp til Dumhøe frå sørvest. Nå auka regnet på og skodda la seg langt nedpå så turen blei alt anna enn trivelig.
Frå Dumhøe gjekk eg rett sørover til Nufsvatnet og fulgte så stien ned til Fv 55 i Breidsæterdalen. På veg ned til Nufsvatnet gav regnet seg og skydekket letta, og kleda mine torka meste opp til eg var tilbake på Krossbu.
Om kvelden var det som vanlig fjellquis med 4-mannslag. Var på lag med Lise, Ove og Bjørn Andre frå Nordfjord og me fekk delt 1. plass med 17/20 poeng. Me vant knepent til slutt på eit utslagsspørsmål. Det vanka kvart sitt hovudplagg og PB t-skjorte som premie.
User comments