Archive - Date
Archive - Activity
- Bike trip (5)
-
Other winter trip (13)
- Snowshoe trip (13)
-
Ski trip (130)
- Backcountry skiing (128)
- Cross-country skiing (2)
-
Trip by foot (530)
- Alpine trip (2)
- Hike (414)
- Hillwalk (105)
- Walk (7)
Archive - Geography
Peakbook-Friends
Collected lists
- Hjelmeland ≥ 100m pf.
- Rogaland ≥ 250m pf.
- 2000m 100m pf. fastlandet.
- 2000m 50m pf. fastlandet
- 2000m 30m pf. fastlandet
- Jørpelandsheia ≥ 50m pf
- 2000m 20m pf. fastlandet
- Rogaland ≥ 100m pf.
- Hordaland ≥ 500m pf.
- Strand 50m pf
- 2000m 10m pf. fastlandet
- Preikestolen Nasjonalpark ≥ 50m pf
- ROGALAND SJUMILSTØVELEN
- Gjesdal 50m pf
- Suldal ≥ 100m pf.
- Topp 1000 i Rogaland
- Sandnes 50 m pf
- Kommunetopper Vest-Norge
- Sirdal ≥ 100m pf.
- Lom ≥ 100m pf.
Favourite peaks
Stutaheia
- Date:
- 21.01.2017
- Characteristic:
- Backcountry skiing
- Duration:
- 8:30h
Etter ein føremiddag med lågt skydekke klarna det opp og blei flott ver og eg såg mitt snitt til å sesongdebutere med skitur frå Hunnedalen. Mildveret siste 2-3 dager hadde tært en del på snøen, men ikkje så gale så eg hadde frykta. Snøen begynte å få skorpe i klarveret og det gjorde ikkje festet så godt men gjekk likevel greit.
Gjekk frå Tverråna nordover og fulgte vinterruta til Øyarvatnet. Det var mildt i høgden tross klarveret så uvanlig mildt til å vera i januar. Avblåst og lite snø på rygger og topper, men ellers samanhengande skiføre. Fleire andre var og ute på ski i området nord for Tverråtjødna. Nådde Stutaheia akkurat før sola gjekk ner, og rant vidare ned austover til Sandvatnet.
Temperatur viste 4 varmegrader på Sandvatnhytta så lurer på om den viser >>>
Tverråknuten og Hunnefjell
- Date:
- 14.12.2016
- Characteristic:
- Hike
- Duration:
- 12:00h
Snøfattig førjulsvinter så det blei fottur i det fine veret. Store temperaturkontraster med +3 gr heime, mens det var -6 gr i Hunnedalen denne føremiddagen. Gjekk opp sørryggen av Tverråknuten og vidare nordover mot Øyarvatn for å sjå an forholda. Planen var å evt gå over Øyarvatnet til Sandvatnet og Austra Blåfjell, men sidan Øyarvatnet låg åpent gjekk eg til Hunnefjell i plassen. Godt å gå på skaresnøen, men litt vel hardt og isete i den bratte nordsida til Søre Hunnefjell så isøks kom godt med der. Kom til topps i god tid før sola gjekk ner.
Var forveten på isforholda på Sandvatnet så eg gjekk vidare til Nordre Hunnefjell og nordover forbi Mohedlaren og Sandvatnhytta og ut på Sørkilen og ein god runde over Sandvatnet. Hadde med stor øks og tok fleire målinger. >>>
Søtebekkheii
- Date:
- 27.05.2016
- Characteristic:
- Backcountry skiing
- Duration:
- 7:30h
Minkar på snøen så det blei fleire korte skiberinger. Ifølge kartet er det to topper på 1089 på Søtebekkheii. Trigpunktet på den nordre toppen ser kanskje høgast ut og har best utsikt. Gjekk så sørvestover og tok ein runde over 3-4 andre sekundærtopper. Var fyrst på Hesteheii der det var godt utsyn rett over til Gruvletinden som ser ganske imponerande ut herfrå. Så nord- og vestover til Den Flate Heii, Gluggvarden og Reinsskaren. Tilskying frå aust utover dagen og nokre regndråper men fortsatt varmt ver denne fredagen. Rant til slutt ner til austenden av Kvislevatnet og fulgte vegen ned til Sandvatn.
Beinleinuten
- Date:
- 26.05.2016
- Characteristic:
- Backcountry skiing
- Duration:
- 6:30h
Overnatta ved Rosskreppdammen etter den lange turen til Urdalsnuten og Snorreheii dagen før. Kom meg ikkje avgårde før i 16-tida, men ville utnytte det gode skiføret på Rosskreppfjorden for å ta Beinleinuten som ellers ligger litt utilgjengelig til. Ennå berande is med tynt snølag men gjekk igjennom det øverste sørpeislaget nokon plasser. Gjekk aust for Botnshaug og på land sør for Kverevassheii der det nå var tort land pga låg vasstand og så over Kverevatnet og opp ryggen til Beinleinuten. Frittliggande topp med meste like god utsikt som frå Urddalsknuten. Deretter sørover for å ta med ein sekundærtopp med høyde 1266 (ifølge gamle kart) ved Piksteintjønni, og rant så ned til Kverevatnet igjen og gjekk tilbake over fjorden rundt vestsida av Botnshaug.
Storsteinheia og Undeknuten
- Date:
- 15.08.2015
Gjekk frå Øvre Moen. Vegstubben mellom Øvre Moen og opp til botnen av Oddatjørndammen / Oddatjørnhytta blei brøyta 12. august. Vegen opp til toppen av dammen var ikkje brøyta og den øverste tunellen var skjult av snø i begge ender. Nedre munning av øvre tunell var ikkje synlig i det heile tatt. Kunne såvidt kravle meg ut av øvre munning av nedre tunell mellom snø-/ isveggen og fjellet.
Fulgte vegen sørover til Beinlei og minst 1/3 av vegen er snødekt. Mange plasser med 4-5 m høge bratte snøfenner. Var oppom toppane etter tur sørover men tok Undeknuten til slutt pga utrygt ver. Veret haldt seg overraskande godt utover dagen med kun korte lette regnbøyer. Samanhengande regn utpå kvelden på tilbaketuren frå Undeknuten. Gjekk då ned på utsida nord for tunnelane for å kåma >>>
