Archive - Date

Archive - Activity

Archive - Geography

Collected lists

Lauvåsnuten

Date:
02.06.2020
Characteristic:
Backcountry skiing
Duration:
4:30h

Samanhengande skiføre opp den bratte nordaustsida. Måtte ta av skia 2-3 plasser på veg ned vestryggen. Vidare vestover langs snøskuterløype og oppom Slettestøylfjellet og Dammenuten. Ned igjen via snøskuterløype gjennom hyttefeltet sør for Lauvåsnuten. Bar skia det siste stykket bort til vegen og tilbake langs Bjørnevatnet. Relativt kort tur, men brukte god tid så det blei ein slags kviledag.

Map    

Krakefjell og Fagervassknuten

Date:
01.06.2020
Characteristic:
Backcountry skiing
Duration:
9:15h

Mindre snø her enn lenger vest, men stort sett samanhengande skiføre frå vegen. Gjekk via Djupetjørn over Bergeheii, og over dei to jamnhøge toppane på Krokevassnuten. Så ned over Krokevotni og sørover via Sjauskjerheii til Krakefjell. Her er det jernbolt/ trigpunkt oppå kampestein. Klarte å klatre oppå. Så nordover til Storeheii der eg gjekk opp ei snørenne i vestsida. Vidare til Fagervassknuten der eg gjekk opp ei sørvendt renne som var snøfri øverst. Vidare til fots opp vestryggen. Retur nordvestover og var då oppom Vardeknausen før eg traverserte langs nordsida av Bergeheii og fulgte spora mine tilbake til Myklevatn.

Map    

Vierheii og Vardsvasseggene

Date:
31.05.2020
Characteristic:
Backcountry skiing
Duration:
7:30h

Gjekk frå vestsida av Håhellervatnet over vatnet forbi Håhellerhytta og opp langs Smogedalen til Øyuvseggin. Det var stor trafikk på Suleskardvegen og mange som stoppa for å ta bilder av dei imponerande brøytekantane. Rant ned forbi sørenden av Knutstjørn. Her var ein gjeng som rasta. Eg prøvde å passere på god avstand, men ein gutt kom mot meg og spurte om eg ville ha lapper. Eg takka sjølsagt ja til det, og fekk både lapper og kaffi. Gjekk så vidare til Kalvetjørnknutane, og så nordover over Gunnarsvatnet og Ivlungsvotni og opp til Vierheii. Så vestover til Vardsvasseggene og via rosskreppdammen tilbake til Håhellervatnet.

Map    

Urdalsknuten

Date:
30.05.2020
Characteristic:
Backcountry skiing
Duration:
11:30h
Map    

Lomskroåsen

Date:
18.07.2019
Characteristic:
Hike
Duration:
5:30h

Gjekk opp gjennom skogen til Moåsen som har mobilmast. Så vidare over Kverhusåsen og sørover til Lomskroåsen og Sollinutane. Alt er skogstopper uten særlig utsikt. I områder rundt Ytre Sollinuten var det svartbrent skog, som trulig er etter lynnedslag i midten av juli året før då det var så tørr sommer. Gjekk ned til rv 9 og fulgte vegen opp til Grasbrokke. Så vestover gjennom skogen tilbake til utgangspunktet. Kunne kanskje heller fulgt vegen rundt på nordsida, men det hadde dog blitt lenger. Overskya med litt regn denne dagen, men ikkje så gale eg frykta.

Map    

Bordalsheii og Voilenuten

Date:
16.07.2019
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
9:45h

Gjekk i 14.30-tida på bomveg vestover opp Hislii og ned sørover til Lislehisdal. Så over demningen over elva og i terrenget opp til Juvåsen og Bordalsheii. Vidare over fleire småtopper vestover til den majestetiske Voilenuten. Etter ein lengre pause på toppen gjekk eg ned nordover og oppom Ljåråsnuten. Så ned i skaret og på sti langs bekken i Ljåråsdalen. Stedvis utydelig sti og myrete terreng langs høgspenttraseen austover, men etter kvert betre sti igjen. Bru over elva litt vest for Hisdal, og god grusveg frå Hisdal ned til Otra. I dette området ligger Hisdal naturreservat.

Map    

Namnlause topper sør for Øyuvsvatnet

Date:
10.07.2019
Characteristic:
Hike
Duration:
6:45h

Gjekk frå den overfylte p-plassen kl 12.30 og fulgte T-stien sørover til Sandvasslega. Ivlungsåna hadde bru som trulig ikkje var utlagt i begynnelsen av juni. Så langs austsida av Sandvatnet og Svoetjørnin. Ville sjekke ut sadelhøyden til 998-toppen. Vanlig kart oppgir feil høyde på 880 på Sandvatnet, mens ØK oppgir 887,8 og 888,5 på søndre Svoetjørnin. Altså 0,7 m høydeforskjell. Sadelhøyden i søraustenden av tjørna er bare ca 1 m høgare enn vatnet, så dermed pf 100 med god margin på 998-toppen. Gjekk opp på den toppen sørfrå, og vidare nordvestover og kryssa utløpsåna til Sandvatnet. Så opp til 975, og vidare nordover over fleire umarkerte topper med litt usikker høyde. Gjekk så mellom Svarteløken og Øyuvsvatnet og inn på stien igjen nordover til p-plassen.

Map    

Skammevarden

Date:
08.07.2019
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
12:45h

Skammefjell ligger litt utilgjengelig til i Rjuven i Setesdal vesthei, men overkommelig på ein lang dagstur frå Setesdalen. Gjekk på grusveg drøyt 4 km vestover Ljosådalen (hadde ikkje med sykkel denne gongen). Vegen går opp til ein demning i Ljosåni, og så er det sti vidare ca 1 km vestover på sørsida av elva. Så kom eg inn på T-sti som går sørover til Bossbu og Stavskardhytta. Hadde tenkt å følge denne stien til stiens høgaste punkt snaut 5 km aust for Skammevarden, men etter elvepasseringa aust for Nautetotjørna fant eg ikkje sti på andre sida av elva. Bestemte meg då for bare å gå rett sørvestover direkte mot Skammevarden. Fleire ettermiddagsbøyer kom nordfrå over Setesdalen, og fekk ei lett regnbøye over meg mens sola skein lenger vest. Kom til topps etter snaut >>>

Map    

Urdvassheii

Date:
28.06.2019
Characteristic:
Hike
Duration:
6:45h

Gjekk på vegen oppover Evardalen. Det er ca 4,5 km bomveg som nå koster 100 kr for bil. Planen var uansett å gå oppe på fjellryggen ned igjen så derfor unødvendig å kjøre bomvegen. Frå enden av vegen fulgte eg T-merka sti drøyt 3 km vidare vestover til Kleivi. Der gjekk eg opp sør- og austover til Urdvassheii trigpunkt. Så sørover til ein jamnhøg topp uten avmerka høyde på nokon kart. Gjekk nedover Urdevassdalen der eg kom inn på ein gammal T-sti. Det såg ikkje ut til at den stien merkes lenger sidan det var slitt T-maling på steinane. Stien går over til Evardalen, men eg gjekk over Øyetjørnsknuten og vidare austover og kom inn på ein annen (stengt) bomveg gjennom hyttefelt.

Map    

Verehovudet og Søtebekkheii

Date:
27.06.2019
Characteristic:
Hike
Duration:
7:00h

Gjekk over brua over Myklevassåni gjennom hyttefeltet på Stuteliheii. Så vidare i terrenget mellom Myklevatnet og Gardevatn og austover til Øydeskarshei og Den høge knausen. Deretter vestover mot Verehovudet via 994-toppen. Etter ein pause på toppen gjekk eg ned i Jarbudalen og opp på Søtebekkheii's to jamnhøge topper. Så ned i nordsida til sørvestenden av Myklevatnet og fulgte vegen det siste stykket til Myklestøyl.

Map