Archive - Date
Archive - Activity
-
Drive (1)
- Car drive (1)
-
Other trip (2)
- Expedition (2)
-
Ski trip (99)
- Backcountry skiing (31)
- Cross-country skiing (59)
- Trip by foot (218)
Dokkampen (og Obleikhaugen)
- Date:
- 30.10.2016
- Characteristic:
- Hillwalk
- Distance:
- 8.4km
I utgangspunktet ein fin tur, men vart krevjande pga 10-20 cm snø av den tunge sorten. Dette var nok siste fotturen i denne høgda denne sesongen. Dokkampen var målet for akkurat denne turen, men eg registrerte nokre minitoppar på turen. Eg registrerte også eit GPS-spor via appen frå Dokklia til Obleikhaugen (ca 1,8 km tur-retur), men dette er ikkje kome fram på denne sida. Inntil vidare registrerer eg denne turen her. Ein meir ålreit tur pga god sti (T-merka) som var godt opptrakka i snøen. Men utsikten var utan tvil best på turen til Dokkampen. Under er det ei rekke med utsiktsfoto frå toppen av Dokkampen: På veg tilbake passerte eg Butjørnet, sjå foto under:
Minitopptur i Gropmarka
- Date:
- 22.10.2016
- Characteristic:
- Hillwalk
- Distance:
- 4.2km
Fin vandretur/treningstur i Gropmarka. Generelt lite sti og mykje myr. For dei som vil prøve tilsvarande tur og ikkje vil bli for våte, anbefalar eg mest sporet eg brukte på tilbaketuren, då det her var mest sti og minst myr.
Topptur i Åsnes
- Date:
- 16.10.2016
- Characteristic:
- Hike
- Distance:
- 7.1km
Først tur til Linberget. Turen gjekk på skogsbilveg først, deretter vart det knalla inn i skogen i tett granskog og hogstfelt med høgt gras. Ein relativt strabasiøs tur som ein vel må vere peakbookar for å føreta seg. Lengd: 3,7 km tur-retur.Terningkast: 1. Deretter tur til det eg trudde var Storgråberget på 586 m.o.h., ikkje minst sidan det stod Storgråberget på 1:50 000-kart. Her vart eg nok lurt, må sjå nøyare på peakbook-kartet neste gong. Til gjengjeld var denne toppen, som ikkje var blant mine mål, faktisk den finaste av dagens turmål, med fin utsikt oppe i tårnet, og fin blåmerka sti til toppen. Eg prøvde å registrere den som ein topp med primærfaktor på 50 meter, men "fekk ikkje lov", då denne er registrert rett ved sidan av som hytte/naudly. Lengd: >>>
Landskampen
- Date:
- 10.10.2016
- Characteristic:
- Hillwalk
- Distance:
- 3.5km
Fin tur på god sti opp til Landskampen. Denne landskampen var av betre kvalitet enn andre landskampar i det siste.
Kolla
- Date:
- 08.10.2016
- Characteristic:
- Hillwalk
- Distance:
- 5.6km
Svært fin hausttur til Kolla, i strålande ver, som ein ser. Turen starta på relativt god sti, som vart gradvis dårlegare. Det gav likevel ingen dempar på turhumøret :)
Langbrotkollen
- Date:
- 07.10.2016
- Characteristic:
- Hillwalk
- Distance:
- 6.9km
Tur med familien til Langbrotkollen, ein av barnas fem på topp i Folldal. God sti oppover dalføret i retning Elgvatnet, meir sporadisk eller fråverande der vi tok av frå hovudstien.