Archive - Date
Archive - Activity
-
Other winter trip (35)
- Snowshoe trip (35)
- Ski trip (9)
- Trip by foot (375)
Drøsinga og Setelifjellet
- Date:
- 26.06.2014
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 3:15h
- Distance:
- 9.0km
Køyrte av ved Leite ved Holsen. Køyrte heilt inn til parkeringsplassen innerst i dalen. Gjekk etter skiltinga mot Drøsinga. Det var godt varda i første delen av stien. Men etter kvart så fann eg ikkje merkinga. Det endte med at eg gjekk på skrå opp mot eit skar. Der var det ein del klyving før eg kom opp på toppen av Drøsinga. Frå toppen er det godt merka ned mot Manneskardet. Her gjekk eg etter merkinga opp til Setelifjellet. Eg gjekk same ruta nedatt til Manneskardet. Frå Manneskardet var det delvis merkt ned mot Gulefjellstølane. Her var det berre å følge terrenget nedover til ein nermar seg stølen. Der er merkinga betre. Så var det å passere Gulestølen og følge stien ned til bilen. Anbefaler at ein følger skiltinga inn mot Gulefjellet til stølen og deretter følger >>>
Sandfjellet
- Date:
- 25.06.2014
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 5:00h
- Distance:
- 14.5km
Starta innerst i Angedalen og fulgte vegen på vestsida av elva. Stien opp til Tverrelvebotnen er godt merka. Ein går over elva og følger stien opp slik at ein ser innerst i dalen. Ein tar til høgre omtrent der det ser ut til at det kan ha gått ras ein gong i tida. Der er det til dels varda. Ein går vidare opp mot platået. Når ein er komen opp den brattaste kneika, er det sett opp små vardar. Desse kan ein fylgje heilt til toppen av Sandfjellet. Det er tre vardar på Sandfjellet. Det er bok i varden som ligg mest mot Naustdalsida.