Archive - Date
Archive - Activity
- Bike trip (1)
-
Other winter trip (102)
- Snowshoe trip (102)
-
Ski trip (63)
- Backcountry skiing (38)
- Cross-country skiing (25)
- Trip by foot (1855)
Tur på Røros
- Date:
- 10.10.2023
- Characteristic:
- Hike
- Duration:
- 1:47h
- Distance:
- 8.0km
Ei lita vandring i Røros, inklusive blandt ørkenvandring. Vel... det er visst ikkje tørt nok til å kalle det ørken, men det er sand. Kvitsanden er eit fascinerande fenomen. Det er 0,4 kvadratkm med flygesand rett ved Røros sentrum.
Fløyen og Hatlelifjellet frå Ullebø
- Date:
- 08.10.2023
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 4:25h
- Distance:
- 13.1km
Vindstille denne søndagen. Tenkte å prøve ut ruta frå Ullebø. Godt merka sti heile vegen opp. Skilta ved stiskille. Eg valte den bratte ruta opp til toppen og den litt mindre bratte ruta på veg ned. Greitt å komme seg opp og ned. Så og seie vindstille på toppane.
Hest
- Date:
- 07.10.2023
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 4:16h
- Distance:
- 12.3km
Vurderte Munkeggi denne laurdagen, men på grunn av nysnø på toppen, fann eg ut at eg ventar med den toppen til sommaren att. Då blei det Hest. Fulgte godt merka rute til toppen. Godt med vind gjorde at det kun blei ein liten stopp med til fotografering før eg gjekk vidare. Tenkte eg kunne ta ei runde i staden for tur/retur og såg det an til at det skulle gå greitt. Sikta meg inn på den merka ruta over Dyreskardet. Litt lite merking ned til skaret, men det gjekk greitt å gå ved å følgje kartet. Fulgte den merka ruta til Hesjedalen. Oppdaga fort at elva ikkje kunne kryssast tørrskodd. Så då var det berre å labbe uti og bli søkk gjennomblaut. Eg reknar med at den er litt lettare å passere på sommaren. Fulgte fin sti frå Hesjadalen og ned att til bilen. Godt å få på seg tørre >>>
Nordheia
- Date:
- 06.10.2023
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 1:04h
- Distance:
- 4.0km
Etter ei meir eller mindre heftig regnværsdag, så letta det endeleg og då blei det ein liten tur på Nordheia denne kvelden. Hadde nesten fjellet for meg sjølv (i alle fall toppen)
Flatbrehytta og Vetla Supphellenipa
- Date:
- 01.10.2023
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 4:47h
- Distance:
- 11.4km
Søndag og gode værmeldingar. Eg har høyrt mykje om kor fint det er på Flatbrehytta og at det ikkje er så fryktelig langt å gå, så då blei det den turen. Tok først opp mot Vetla Supphellenipa. Der var det tydeleg at elva hadde gjort eit innhogg i stien, men det gjekk fint likevel å komme seg over elva. Ikkje fullt så tydeleg sti frå skaret og opp på Vetla Supphellenipa, men det gjekk greitt å finne fram. Fulgte ruta opp på Flatbrehytta. Fann så ut at eg ville få eit litt nærare blikk på breen, så eg gjekk tilbake og opp på høgda. Retur den mest brukte stien. Der var det litt betre å gå. Flott tur.
Trappene i Høyanger og Nova
- Date:
- 24.09.2023
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 2:45h
- Distance:
- 6.3km
Det er ikkje så stor hemmelighet at eg har ein viss høgdeskrekk og sist eg gjekk opp trappene hadde eg eigentleg bestemt meg for at eg ikkje skulle gå den ruta igjen. Men eg fann etter kvar ut at eg skulle utfordre meg igjen. Eg starta med å gå trappene og deretter over på sti. Til slutt ville eg utfordre meg sjølv igjen til å prøve å gå litt av trappene. Enkelte plassar var det litt vel luftig, men eg kom meg opp. Gjekk opp til Nova og nedatt. Starta nedover på stien og etter kvart prøvde eg meg på trappene.
