Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Facebook

Hestvikvatnet

Date:
14.04.2023
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
1:52h
Distance:
5.2km

Formen har ikkje vore den beste dei siste dagane, så det har vore eit par findagar utan tur. Prøvde i dag på ein lett og fin tur opp forbi den berykta Hunsåna. Stien går over berget som er eit av norges mest rasfarlege vegstrekningar. Då eg gjekk der, så såg eg kor bratt det er ned fjellsida ned mot fylkesvegen. Og fleire tre har kvelva i bakken. Høyrte også fleire mindre ras av snø opp i Helevangsstaurane. ruta går i trygg avstand frå rasa, men likevel ganske nær fjellet. Nede ved Hestvika traff eg på ein saueflokk med lam. Det er alltid litt kjekt å sjå dei spretne lamma når dei først kjem ut på beite.

Map    

Nasakletten

Date:
11.04.2023
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
1:17h
Distance:
3.0km

Starta opp vegen mot ryggen. Men fann ut at det mest truleg var mykje snø. Prøvde difor å finne ruta eg gjekk sist ned. Det endte med baksing i buskene. Prøvde å finne ei betre rute nedatt. I starten var det meir basking i busker, Men fann til slutt ein fin rute ned siste stykket og tilbake i bilen.

Map    

Espenipa/ Skåfjellet

Date:
10.04.2023
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
2:10h
Distance:
4.9km

Parkerte like ved Einestølen. Fulgte tydeleg sti opp til snøen. Vidare oppover brukte eg brodder og gjekk i spora til andre. Mista broddane på veg nedover, så eg måtte gå oppatt eit stykke for å hente dei.

Map    

Olsetåsen

Date:
08.04.2023
Characteristic:
Hike
Duration:
0:25h
Distance:
1.6km

Kort og grei tur.

Map    

Eikenesstølen

Date:
08.04.2023
Characteristic:
Hillwalk

Map    

Bakkekletten og Bogeåsen

Date:
08.04.2023
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
1:17h
Distance:
5.1km

Map    

Kletten frå Kvalsvik

Date:
07.04.2023
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
1:19h
Distance:
4.2km

Fin og kort tur til Kletten. lettgått og fin utsikt på toppen.

Map    

Haugland

Date:
06.04.2023
Characteristic:
Hike
Duration:
1:40h
Distance:
6.5km

Ettersom formen framleis ikkje var den beste, var det greitt å ta seg ei tur på ei lettgått løype utan mykje motbakkar. Grei rute med flott vær.

Map    

Tunvall

Date:
03.04.2023
Characteristic:
Hike
Duration:
1:22h
Distance:
5.3km

Formen var ikkje den beste denne dagen. Hadde behov for ein kort og lett tur. Tunvall er perfekt på slike dagar. Fann ut at eg skulle gå heile ruta mellom Sande og finne ut kvar den enda. Tunvall er omtrent akkurat midt på ruta.

Map    

Piltevarden motbakkeløp

Date:
01.04.2023
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
1:58h
Distance:
4.5km

Fekk tips om Piltevarden motbakkeløp og tok sjansen på å reise tidleg opp med køyring mot Mjømna. Turstart kl 11:00 sammen med ein del andre. Tungt opp trappene når ein skal prøve å presse seg opp bakken. Nydeleg vær på toppen.

Map