Archive - Date
Archive - Activity
Peakbook-Friends
Trostberget
- Date:
- 28.09.2014
Kjørte til Kjennli og parkerte nede ved vegen. Gjekk ca 300 m oppover til parkering, og derfrå rett opp. Det låg ein stein som ei markering, og fann ein til, så nå er det 2 steiner der. Eva var med. Det stemte ikkje heilt med kartkordinatene. Min GPS viste 32 602880/6742555.
Leinetoppen
- Date:
- 28.09.2014
Kom frå Moelv til Ringsaker kirke, kjørte beint fram her og til gardsveg opp til Leinegårdene. Parkerte her og gjekk forbi Austre, Midtre og Vestre Leine og bort til toppen. Her fann vi den + eit stort krasafare tårn. Eva var med.
Eiksberget
- Date:
- 28.09.2014
Kjørde over brua, forbi kirka, og tok veg inn til Røste. Litt lenger framme fann vi skiltmerking til toppen, og vi fulgte denne. Grei kort tur. Eva var med.
Solbergåsen
- Date:
- 28.09.2014
Kom RV 213 frå Gaupen mot Stavsjø, og kjørt inn ved Skjønsby og parkerte der vegen går over til skogsveg. Gjekk denne nesten heilt opp. På toppen fann eg trig.p. bolten,men også rester av gammelt tårn. Eva var med.
Snørvillen
- Date:
- 27.09.2014
Kjørde mot Sjusjøen, og tok veg inn til Rømåsen (Bommen står oppe om sumaren) Fann god stig herfrå som går over Sollifjell og Mostefjell. Brukte 1 1/2 time hit. Mykje vind i fjellet idag, men også mykje folk på farten (haustferie). Eva var med.
Binnhovdknatten
- Date:
- 20.09.2014
Etter turen til Freningen, kjørte vi bort til Binnhovdstølen. Fann grei stig til toppen. 1 time tur/retur. Eva var med.
Freningfjellet
- Date:
- 20.09.2014
Kjørte opp til Danebu og parkerte der. Fann blåmerka stig opp til Freningen (vann) og vidare til toppen. Mykje folk på tur idag. 1 time tur/retur. Eva var med.
Gråskarvet
- Date:
- 19.09.2014
Kjøyrde Rv 16 til Grindaheim, og tok bomveg til Helin og vidare sørover langs denne og så opp på sør-ryggen av Smådalsfjellet. Parkerte her og tok fyrst peiling på Hallingsteinen. Denne er iår turmål for Vang kommune, så vi skreiv oss inn i turboka. Så la vi iveg mot skaret millom Jøranlikampen og dagens mål Gråskarvet. Ingen stig, men veldig lettgått. 2 timar opp i flott haustver. Eva var med.
Makalausfjellet
- Date:
- 18.09.2014
Tok Rv 51 frå Leira mot Gol, svingte av ovenfor Åbjørsbygda og nokre hundre meter mot Vestringsbygda. Der går det inn bomveg (50 kr) mot Pardisfjorden, og tok til slutt til høgre inn til Eivasstølen. Godt merka parkering her, og også start for turmål i N-Aurdal komm. Grei merka traktorveg/stig heilt til topps. På toppen satt 3 damer (søstre)som eg kjente, og desse hadde gått opp frå Stavadalsida. 3/4 time opp og det same ned. Eva var med.
Vest for Makalausfjellet
- Date:
- 18.09.2014
Kom ned frå Makalausfjellet til p-plassen, og starta på stigen mot Kvittingen. Oppe i sadelen tok vi høgdedraget mot toppen. Lite merking av toppunktet. 3/4 time på heile turen. Eva var med.