Leirungskampen (05.09.2014)

Written by SÅH (Sven-Åge Hauge) GSM

Duration 10h 22min
Distance 33.7km
Vertical meters 2,185m
GPS
Ascents Austre Kalvehøgde (2,178m) 05.09.2014
Midtre Kalvehøgde (2,122m) 05.09.2014
Vest for Midtre Kalvehøgde (2,114m) 05.09.2014
Sørøst for Vestre Kalvehøgde (2,140m) 05.09.2014
Vestraste Kalvehøgde (2,150m) 05.09.2014
Vestre Kalvehøgde (2,207m) 05.09.2014
Kalvehøgde Ø2 (2,088m) 05.09.2014
Nørdre Kalvehølotinden (2,019m) 05.09.2014
Leirungskalven (2,040m) 05.09.2014
Leirungskampen (2,079m) 05.09.2014
Leirungskampen N1 (2,045m) 05.09.2014
Leirungskampen N2 (2,050m) 05.09.2014
Mugna (2,159m) 05.09.2014
Sørvest for Mugna (2,140m) 05.09.2014
Munken (2,105m) 05.09.2014
Rasletinden (2,105m) 05.09.2014
Sørvestre Rasletinden (2,025m) 05.09.2014
Øystre Rasletinden (2,010m) 05.09.2014

Ein super dag over mange 2000m topper med utgangspunkt fra Valdresflya. Planen var å gå turen på lørdag, men utover i veka endra værmeldinga seg og fredag skulle bli ein nydelig dag. Eg reiste derfor på hytta torsdag kveld og kjørte derfra til Valdresflya fredag morgen. Parkerte ca 1,5km nord for Valdresflya vandrehjem, og kl 0900 var eg klar til å gå. Satte kursen mot Østre Rasletinden. Når eg nærma meg øst-ryggen kom eg over eit stort rypekull. Steggen flaksa fra stein til stein og holdt meg under oppsikt.
Det var greit å gå oppover ryggen, som for øvrig hadde varder heilt til topps. Været var heilt nydelig og eg gjekk i shorts og t-skjorte. Det var flott å komme opp på Østre Rasletinden og dagens første 2000m topp. Målet var å bestige alle 2000m topper herfra til Leirungskampen. Med det været og dei forholda som var i dag låg alt til rette for ein skikkelig flott tur. Det var rett og slett nydelig i alle retninger. Eg fortsatte i raskt tempo over Rasletinden, Sørvestre Rasletinden, Kalvehøgde Ø2 og vidare mot Mugna. Rett NV for Mugna la eg igjen sekken og tok kun med gps og kamera. Herfra var det ein avstikker på ca 2,4km t/r for å få med meg Munken. Bortover her låg det noko snø med eit litt for svakt skarelag , og det vart lett jogging på dei steinane som stakk opp av snøen. Etter ca ein halv time var eg tilbake til sekken og kunne krysse av for Munken. Tok her ein matbit før eg fortsatte over Mugna og Sørvest for Mugna og videre til Austre Kalvehøgde.
Det vart mange små stopp underveis for å ta bilder og nyte utsikten av alle dei flotte tindane. Spesielt N og NV var det spesielt flott. Nærmast var Tjønnholstindane, Skarvflyløyfttindane og Leirungstindane. Vestover var det og mykje flott med Torfinnstindane nærmast.
Eg fortsatte over Midtre Kalvehøgde, vest for Midtre og opp til Vestre Kalvehøgde. Her vart eg sittande og nyte utsikten ei stund. Det var litt vind, men ikkje kaldt å sitte her i shorts. Snakk om flott september dag i fjellet. Eg fortsatte til Vestraste Kalvehøgde og videre mot Leirungskalven. No kom den delen av turen eg gleda meg mest til. Herfra til Leirungskampen N2 ville det bli meir alpint og litt klyving. Eg fulgte eggen nedover og kom til ein liten hammer som var litt utsatt, men fant gode fingertak øverst på hammeren og kunne svinge meg utfor kanten. Det var nok fleire og enklare muligheter litt til venstre(SV) for eggen. Enkelt videre til toppen på Leirungskalven. Videre opp til Leirungskampen var det enkel klyving. Passerte eit rappellfeste her. Greit også videre over Leirungskampen N1 og bort til Leirungskampen N2. Her var nydelig utsikt. Spesielt fint mot Svartdalen med blant anna Mesmogtinden og Knutsholtinden på kvar side.
Eg hadde fulgte eggen stort sett heile veien fra Kalvehøgde og tok samme vei tilbake. Ned fra Leirungskampen eit litt utsatt punkt nedenfor rappellfeste, ellers greit via hyller litt sikksakk nedover. Snart nærma eg meg vestraste Kalvehøgde igjen, og satte kursen mot dagens siste topp, Nørdre Kalvehølotinden. Det var ca 3km sørover ut til denne. Klokka 1600 stod eg på Kalvehølotinden. Returen herfra gjekk nordover ryggen før eg dreide øst, litt nedover breen og heilt opp igjen til Austre Kalvehøgde. Videre stort sett samme vei tilbake som eg hadde gått tidligere på dagen bortsett fra at eg passerte Rasletinden på sørsida og sparte meg for nokre høgdemeter her. Tilbake ved bilen kl 2005. På returen skya det litt over, men eg hadde hatt ein heilt fantastisk dag i fjellet og gjekk fortsatt i shorts. No var det tilbake til hytta der Aina hadde ein litt sein middag klar. Resten av helga vart brukt til bærplukking og avslapping på hytta.
Bilder: http://www.utifriluft.com/2000mtoppersommarogvinter/Rasletindane-Mugna-Munken/

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.