Romsdalseggenløp nr 2 (06.09.2014)

Written by Eikås (Janne Eikås) GSM

Start point Venjedalssetra p-plass (380m)
Endpoint Åndalsnes sentrum (35m)
Characteristic Jogging
Distance 11.3km
Vertical meters 970m
Map
Ascents Høgaksla (991m) 06.09.2014
Mjølvafjellet (1,216m) 06.09.2014
Nesaksla (715m) 06.09.2014
Nesaksla øst (908m) 06.09.2014
Steinfjellet (1,178m) 06.09.2014

Etter oppfordring frå Tom Erik H. hadde eg bestemt meg for å prøve løpet i hans fjellrike. Høyrt mykje om Romsdalseggen og har sett fram til å prøve eit nytt løp og nye fjell. Reiste frå jobb fredag med sår hals og hovudverk, lova ikkje godt...ei forkjøling sykje mange har hatt. Men ikkje verre enn at eg hadde lyst å prøve, tenkte at det fekk vere eit test løp og heller bli kjent med løypa til eventuelt neste år. Lørdagen var nydeleg vermessigt, med akkurat passe fin løps og tur temperatur. 108 Menn og Damer deltok i konkurransen. Som forventa var eg ikkje der eg ville, men sånn er det berre av og til :) Ei flott stemning var det og mange på tur av både barnefamiliar og andre. Løpet endar på Nesaksla, dette pga den bratte nedstigniga på 700 h her kan det fort bli skader...men ein får ikkje godkjent løp før ein har registrert seg i sentrum etter løp slutt. Løypelengda er på 8,6 km Fine pengepremiar og flott ull luer gratis til konkurranse deltakerane. Det var flott stemning i Åndalsnes sentrum denne dagen og helga, Åndalsnes kommune feira og sitt 50 års jubileum som kommune. Premieutdelinga skulle vere kl 17.00 Den droppa eg for planen var å gå Romsdalseggen ein gong til ilag med Johan som ikkje hadde gått den frå før. For min del hadde eg ikkje Blånebba 1320 moh. den hadde han frå tidlegare, nye moment for begge.. :) Så ny tur runde med start frå Venjedalssetra P-plass kl 16

http://www.norsk-fjellfestival.no/index.php?option=com_zoo&task=item&item_id=1289&Itemid=121

Beste Kvinne tid i år Toril Hjelvik på 1.13.56 og Herrer: Morten Eilifsen 1.04.48

2013 - Ola Hovdenak 0.58.20 og Marte Monrad Hansen 01.09.53

eikås_img_1380.jpg
eikås_img_1383.jpg
eikås_img_1377.jpg

Mi tid vart på 1.16.48

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.