Kletten og litt dårleg vær.... (13.01.2015)
Written by Eikås (Janne Eikås)
Ascents | Kletten (164m) | 13.01.2015 |
---|
Formiddag og Dagsenter tur på Kletten. Etter jobb, tenkte eg at det måtte bli ein tur på Hafstadfjellet. Følte eit behov for å variere seige skiturar med ein etterlengta løpstur. Veret var nokelunde bra ved start. Nesten til topp`s kom uværet som kasta....blåsvart himmel, hagl og brått eit av det verste toreværet eg har vore borti noken gang!!! Trur knapt det var eit sekund mellom lynet og tora, tenkte vel kanskje at dette var min siste løpetur....brukar ikkje vere spesiellt redd av meg, men dette var ille. Seinare var det å høyre og lese at det hadde slege kraftig ned på Vie, det var store krater i bakken og fleire bolighus var skada. Så ekstremt lykkeleg av å kunne nå bilen var eg, sjølv om eg ikkje trur det hadde gått så bra om dette lynet hadde treft bilen. Uværet fortsette utover ettermiddag og kveld, og eg var vel ikkje heilt fornøgd med dagens løpetur. Tenkte at no er tida moden for å teste tredemølla på det nye treningssenter i Hjellbrekkefeltet. Er eigentleg tilhenger av utandørs trening uansett....Kom på tredemølla og rakk å springe ei mil og få støt før mølla kortslutta og lyset gjekk...lyn nedslag ein eller anna stad!! Snakk om å bli forfulgt på trening denne dagen...@@@
Hafstadfjellet - 6,8 km - 580 Totalh
Kletten - 0,8 km - 101 Totalh
Tredemølle - 10 km
User comments