Aure: Bergsfjellet, Rostolen og Pikfjellet (15.04.2015)

Written by boven (Ove Lotsberg) GSM

Start point Løfall (180m)
Endpoint Løfall (180m)
Characteristic Hike
Duration 3h 06min
Distance 11.6km
Vertical meters 882m
Map
Ascents Bergsfjellet (538m) 15.04.2015
Pikfjellet (638m) 15.04.2015
Rostolen (659m) 15.04.2015

Vi handla i Aure sentrum før vi starta dagen. Lise fekk bekrefta at nærmaste Vinmonopol er Kyrksæterøra! Kjøyrde til Løfall der vi fann parkeringsplass på venstre side rett før elva. Skilt om Skogbrann der stien startar. Vel, dagens ver gjorde oss ganske sikkre på at det skulle vi sleppe. Vi kosa oss litt i bilen med kaffe og mat før vi tok laust. Ei jæklige snøbyge kom deisande og motivasjonen fekk seg ein knekk. Ei lokal trimdame som kom frå Bergsfjellet kunne fortelje at det var greitt oppover, men noko vått. Ok, vi satsa iallefall på Bergsfjellet. Det er svært god sti oppover, lett å finne fram. Stien delar seg ved Bergsvatnet. Lett til topps over myrar og våte parti. Kasse og bok på toppen. Retur samme vei, men vi tok ein shortcut rett mot Bergssetra. Her er det merka rute vidare til Rovangen. Fulgte denne til vi var rett sør for Rostolen, tok av bratt opp ei lita ur til toppen. No kom det nok ei snøbyge som vi fekk rett i ryggen. Lise og Vinjar gjekk mot Tverrbotnsetra og vidare langs setrevegar og bygdevegar tilbake til bilen. Eg gjekk mot Pikfjellet som eg fekk i mykje vind og snødrev. Kom opp på ryggen og traff god sti. Pikfjellet er merka frå Tverrbotnsetra. Kom til bilen berre 10 minutt etter dei andre som hadde knota litt nedover lia. Ganske så fin tur, tross veret.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.

Advertisement