Aure: Storfonna (23.05.2015)

Written by boven (Ove Lotsberg) GSM

Start point Sti Storfonna (350m)
Endpoint Sti Storfonna (350m)
Characteristic Hillwalk
Duration 1h 06min
Distance 3.7km
Vertical meters 385m
Map
Ascents Storfonna (722m) 23.05.2015
boven_20150604_5570b161f1b62.jpg

Første topp i andre raid i Aure kommune. Til vår store overrasking var det merka Litlfonna ved hovudveien og det er lov å kjøyre heilt til topps. Det er betalingskasse etter pelsdyrfarmen men det var ikkje nødvendig å betale sa innehavaren. Han var ein triveleg kar så vidare samtale rundt avvikling av pelsdyrnæringa osv osv vart lagt til side. Vi hadde uansett betalt i kassa og kjøyrde den svært dårlege veien oppover til eit skilt Storfonna 722 moh. Det var ein forferdeleg vind heile turen oppover. Sidan vi hadde gløymt regntrekket til bæremeisen heime brukte vi 2 jakker. Dette fungerte glimrande. (Regntrekket fekk vi nokre dagar seinare med Janne) (Var innom 5 sportsforretningar i Molde og skulle kjøpe ny bæremeis, men ingen hadde med regntrekk!) Skreiv oss inn i boka og returnerte samme veien. Vinden og hagla piska oss i ansiktet. Litlfonna droppa vi. Vidare til Rennsjøen der vi plukka Skålvassfjellet og overnatta til neste dag.

boven_20150604_5570b0b08bdab.jpg

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.