Sidan mine ungdommer hadde andre planer for Jonsok kvelden.... og ei stund sidan eg hadde vore på breen! Fant vi ut at det måtte bli ein Hærleg turopplevelse å kunne nyte sjølvaste Jonsokafta på breen. Pakka sekken etter jobb og sette kursen mot Dvergsdalen så raskt vi hadde muligheit. Med sekkane fulle av ved og diverse andre ting som var eit "must" for å feire Jonsok med stil... la vi avgårde med freidig mot!! Sidan det bles ganske bra nede ved Jølstra vatnet, var vi litt spente om det var håp om å få fyr på Jonsokbålet vårt. Tett skodde mellom 700 - 900 moh men etterkvart lysna det opp og det vart berre ei utruleg Trollsk stemning og eit magisk lys med total stille på breen. Sånne stunder vil ein aldri gløyme... Kl 23.00 fekk vi med ein nydeleg solnedgang før vi sette nedover i eit hærleg Telemarksrenn..
User comments
Herlig!
Written by arntfla 28.06.2015 22:11Dette så bra ut, Janne! Til stor inspirasjon også ;)
Sv: Herlig!
Written by Eikås 29.06.2015 21:33Takk så kjempe koseleg å høyre Arnt :) Vi har hatt mange fine turar....dette var ein av dei spesielle :) Det å kunne ha muligheit til å gjere det lille ekstra ut av det og kunne gje seg tid, nyte og reflektere er ikkje sjølvsagt. Satser på at det blir mange av desse turane :)