Haugraid i Lillehammer (22.07.2015)

Written by mariusmeland (Marius Meland) GSM

Start point Tuvenga (262m)
Endpoint Pålstua (445m)
Characteristic Hike
Duration 1h 36min
Distance 3.3km
Vertical meters 120m
GPS
Ascents Brettengshaugen (271m) 22.07.2015
Bårdsengmyra punkt 282 (282m) 22.07.2015
Nybu punkt 483 (483m) 22.07.2015

Første haug var "Bårdsengmyra punkt 282". Turen dit gjekk i uframkomeleg terreng over store blokker. Ein hoggorm fekk eg også helse på. Open furuskog og faktisk litt utsikt på toppen. Ned att fann eg ein brukbar sti + traktorveg, denne ruta er mest å anbefale for interesserte.

Deretter vart det Brattengshaugen som vart nådd. Gjekk oppover langs eit byggefelt, og cirka 100 meter langs noko som likna på sti. Sjølve toppunktet ligg tett inn i ein mørk skog.

Tredje punktet var "Nybu punkt 483", ein kort, men bratt tur opp gjennom skog og vått gras.

Fjerde punktet var "Nybu punkt 480". Dette ligg cirka 180 meter frå "Nybu punkt 483", som truleg er ei medverkande årsak til at eg ikkje fekk registrert dette toppunktet på Peakbook.

Turen er nok mest interessant for dei som likar å samle på toppunkt med primærfaktor ned mot 10 meter.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.