Sommardag i Rondane (15.08.2015)
Written by bakken59 (Kristin Bakken)
Ascents | Rondslottet (2,178m) | 15.08.2015 |
---|---|---|
Storronden (2,138m) | 15.08.2015 | |
Vinjeronden (2,044m) | 15.08.2015 | |
Vinjeronden Nord (2,035m) | 15.08.2015 |
Så flott å få ein slik sommerdag i fjellet no på tampen! Vi drog frå Oslo etter jobb fredag, og etter å ha levert Uncas hos broren min. Kom til Spranget og parkerte der kl 2215. Med kvit høg himmel, gul i vest og stjerner i nord sykla vi inn til Rondvassbu. Fekk fire sengeplassar og sovna kvikt. Starta kl 1015, gjekk greitt opp til bandet mellom Storronden og Vinjeronden, drikkepause der. Så bratt opp til Vinjeronden og matpause der. Hadde gått vel 2 timar då. Noko vind, men ikkje plagsamt, og sol og varmt. Så var to av oss oppom Vinjeronden nord før vi fortsatte opp til Rondeslottet. Jamnt med folk - også på toppen. Ikkje ei sky og utsyn til alle kantar. Vi gjekk litt nordover for å sjå på terrenget, og det ER bratt. Så gjekk vi i stendig varmare vêr ned til bandet att, der vi lesste litt om, og delte oss. Tom og Vilde følgde same ruta heimover, medan Sondre og eg klorte oss opp ura til Storronden. Ca 400 hm. Ettermiddagssol, like fint utsyn, ikkje folk og varmt! Vi kom vel opp ca kl 1635 og byrja å gå nedatt kl 1650. Litt sårbeinte, men i fint driv bar det nedatt til Rondvassbu. Vi var der kl 1815, og brukte alt 1 time og 25 ned, Sondre kunne sjølvsagt ha gått fortare! Turen tok totalt 8 timar. Vi brukte 3 timar og 45 min opp til Rondeslottet, inkludert matpausen på Vinjeronden og andre stopp. Netto gangtid ca 6 timar. Vi målte 15,3 km, 1933 hm. Sykkelturen tilbake til Spranget var underskjønt! Kveldssol, ikkje ei sky, og så varmt at vi sykla i ulltrøyene. Sondre, Vilde og Tom var med.
User comments