Liabrekulen (20.09.2015)
Written by kolla (Kolbjørn Tjessem)
Ascents | Dyrhaugen (1,515m) | 20.09.2015 |
---|---|---|
Dyrhaugen Vest (1,533m) | 20.09.2015 | |
Kjerringhetta (1,436m) | 20.09.2015 | |
Liabrekulen (1,910m) | 20.09.2015 | |
Nordøst for Liabrekulen (1,840m) | 20.09.2015 |
Hadde tenkt å gå på Semeltinden/ -kødden denne dagen men etter ein lang frukost på Leirvassbu ombestemte eg meg og reiste heller til Sognefjellet for å gå på Liabrekulen og nokon andre mindre topper som eg tok med i same slengen. Det går ein grusveg frå Sognefjellvegen nordover ned til Storvatnet. På kartet vises det bom på denne vegen, men det var heldigvis ingen bom så det var greit å kjøre heilt til demningen i sørenden av Storvatnet. Etter først å ha teke Dyrhaugen gjekk eg over Kjerringhetta og videre nordvestover på austsida av Moldskrevatnet og så oppover til Liabrekulen. Det låg dessverre skyer nedpå dei fleste toppane i Jotunheimen, men ellers var det ganske bra utsikt. På veg ned gjekk eg over breen og snøfelta så langt eg kunne og gjekk så på vest- og sørsida av Moldskrevatnet før eg kom inn på T-stien til Storvassdammen. 7-8 t tur på ein flott haustdag i Breheimen.
User comments