Sunndalsnipa i Volda (12.03.2016)
Written by Eikås (Janne Eikås)
Start point | Grøndalen (396m) |
---|---|
Endpoint | Grøndalen (396m) |
Characteristic | Randonnée/Telemark |
Distance | 11.6km |
Vertical meters | 1,017m |
Map |
Ascents | Sunndalsnipa (1,396m) | 12.03.2016 |
---|
Hadde vore på eit foredrag i Stryn fredagskvelden i tilknytning til Stryn Rando 3000 og planen vidare var å utnytte morgendagens godvær som var meldt her i området med ein tur på Eidskyrkja 1482 i Volda. Hadde løpande kontakt med Lise og Ove som er godt kjent på desse toppane og om eventuelle rutevalg. Etter foredrag vart det tilbod om ei litt hærlegare overnatting på gjestgiveriet Lotsberg. Dette var jo selfølgelig meir fristande enn ei soveposenatt i bilen med ei temmeleg tett forkjøling!! Sidan Ove har sofa kondis for tida og eg ikkje er restituert etter operasjon og innehaver av ei heller "plagsom" forkjøling. Så vart vi einige med Lise`s velsignelse om at vi var det perfekte turpar denne dagen :) Laaang frukost og kaffe ilag med Vinjar og Lise vart det, sidan Ove hadde særdeles god tid på morgenkvisten...Vi luffa avgårde ifrå parkeringa, der det selfølgelig allerede sto mange biler fordi vi var komt langt ut på dag. Der sto også parkert eit glis av ei porsche av merke Cayenne trur eg, vi studerte alle på turen som mest sannsynleg kunne være innehaver av luksusen. Men det skulle vise seg at ting ikkje er som før i tida!! Paret som vi omvende på toppen, var då eigarane av gliset og ikkje nok med det så hadde karen ifrå Hamar samme ski og stavar som Ove....Etter det vart vi eit perfekt turfellesskap på heimtur og vi heldt ilag heilt til endast til "glisa" våre. Dette på eit særdeles platt og noko komplisert føre, som forhåpentligvis var gjeldande for heile turfølget!!!
Takker for ein avbalansert tur Ove
User comments
Håper å få se ..
Written by arntfla 15.03.2016 15:26to av Norges fremste fjellduracellkaniner i normalt modus of operandi snart! Men vi har kanskje godt av å hente oss litt inn i blant? Det blir vel min tur også. Sånn flaks kan ikke vare..
Missing title
Written by ligroenb 13.03.2016 20:48Flotte bilder og rapport :-)
Sv:
Written by Eikås 14.03.2016 20:18Så kjekt å høyre :) Vi satser på nokre fine topp prosjekt ilag framover våren/sommaren ;) :) Det er stas med fleire på tur...Kan bli litt stusselig av og til med alle åleine treningsøktene...Sjølv om det eigentlig er supert det også :) :)