Romsdalsraid dag 2: Alnestinden (04.06.2016)

Written by kobbenes (Kristian Starheim) GSM

Characteristic Randonnée/Telemark
Duration 1h 57min
Distance 6.2km
Vertical meters 891m
GPS
Ascents Alnestinden (1,665m) 04.06.2016

Etter gårsdagens heildagsprosjekt på Mongejura skulle eg no ha eit par dagar for å teste ut den berømte vårslushen på Trollstigen. Sidan det allereide var langt på dag (etter kaffi, tindeburger, tindemuseum, handling av kjølebag og andre camping-assesoaries), og grunna at før nevnte heildagsprosjekt framleis sat litt i kroppen, ville eg ha ein kort tur. Men eg ville også høgt til fjells. Og det er jo nett det Trollstien er til for!

Valet fall på Alnestinden. Då eg spente på meg skia klokka 16 skrensa det eine gliset etter det andre ned mot vegen. Dette måtte bli bra. Endelig er skisesongen i gong!

kobbenes_20160607_575729b7d4917.jpg

Eg har ikkje stått så mykje på ski denne sesongen, og i kombi med før nevnte heildagsprosjekt kjendest det tungt oppover bakkane. I bratta i nordaustflanken stod to jenter og spann på splitboard, og det viste seg at det var isa godt til her. Eg tok like godt av meg skia og bar dei opp det brattaste partiet. Herifrå var det greit til topps, der eg møtte to par som naut fineværet.

kobbenes_20160607_57572a38da50b.jpg
kobbenes_20160607_57572a6f4338d.jpg

Utsikta var til å ta å føle på! Eg hellar meir og meir om at Romsdalen har noko for seg! Etter litt fjellfies og nøttemiks spente eg skia i retning nedover. Isete til eg kom ned i austflanken. Her var det slush til den store gullmedalja nedatt til bilen.

kobbenes_20160607_57572a92c395f.jpg

Deretter vart det softis på Trollstisenteret, før eg slo opp teltet ved vegen ovanfor Alnesvatnet. Ikkje verst!

kobbenes_20160607_57572ab7a890f.jpg
Start date 04.06.2016 16:01
(UTC+01:00 DST)
End date 04.06.2016 17:58
(UTC+01:00 DST)
Total Time 1h 57min
Moving Time 1h 40min
Stopped Time 0h 17min
Overall Average 3.1km/h
Moving Average 3.7km/h
Distance 6.2km
Vertical meters 891m

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.

Advertisement