Rundtur over Dravlausegga (06.06.2016)  6

Written by Lukken (Ole André Lukkedal) GSM

Duration 3h 24min
Distance 11.3km
Vertical meters 931m
GPS
Ascents Dravlausnyken (980m) 06.06.2016
Nord for Dravlausnyken (1,059m) 06.06.2016
Tretindane (922m) 06.06.2016
Visits of other PBEs Langenessætra p-plass (380m) 06.06.2016
Tok utgangspunkt i turbeskrivelsen til arntfla (Arnt Flatmo) på westcoastpeak. Etter parkeringa bar det nokre hundre meter på grusveg før eg tok av til høgre på vestsida av Langenesvatnet. Her gikk det god sti framover med raude merke. Etter kvart tar den meir av vest og i retning Dravlausnykjen. Her stod eit skilt med pil. Etter dette forsvann stien og ein måtte berre sikte seg inn på retninga.

Etter dette var det 5 til 600 høgdemeter med jobb i bratt grasbakke. Pulsen var god, men det var greitt terreng. Og belønninga når ein kjem opp på egga er magisk, for eit syn.
Lukken_20160618_5765b6ecf0ecb.jpg

Først bar det bort på toppunktet Nord for Dravlausnyken og litt forbi for å få ordentlig utsikt mot Straumshornet, før det bar tilbake og videre på Dravlausegga. Her prøvde eg å halde meg mest mogleg opp på egga om det ikkje vart alt for krøkete. Det var svært kjekt og gå på denne egga. Det er ingen ting å seie på utsikta mot sør der mange prominente topper som Råna, Slogen (ikkje på bilete), Grøtdalstind og Urkedalstind m.m er i skyline.
Lukken_20160618_5765b9636d8c8.jpg

Etter Egga gikk eg av stien for å få ei meir direktelinje ned mot skaret mot Urfjellet der eg skulle ned mot Langenesvatnet. Dette var ikkje spesielt lurt og anbefaler å halde stien rundt. I skaret gjekk det sti ned mot vatnet. Her var det skikkelig idyllisk og fint laga til med både do, teltplass og ei fin sandstrand. Frister å ta med barna hit inn på overnatting ved ei seinare anledning. Fulgte god sti tilbake på austsida av vatnet.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.