Stølsmaradalstinden (30.07.2016)

Written by knutsdotter (Ingrid)

Start point Murane (1,040m)
Endpoint Murane (1,040m)
Characteristic Alpine trip
Duration 9h 00min
Distance 21.8km
Map
Ascents Stølsmaradalstinden (2,026m) 30.07.2016
Stølsmaradalstinden Sørøst (1,993m) 30.07.2016

Stølsmaradalstinden vart opp og avgjort som turmål - siste timane før leggetid på Tyin. Henta Kristin på Sletterust og avgårde til Murane på Tindevegen - i tåke. Peila oss raskt inn i Austanbotn, Astanbotnelvi var svært stor og vading i undik gjekk fint det og. MERK: Vi fann bru ved retur omtrent ved kote 1100 like etter Murane!

So bar det oppover til Gravdalsbandet og terrenget var nydeleg og raskt å gå i. Like oppunder fant vi gamle fangstgroper:

knutsdotter_20160801_579f9e7d92059.jpg

Ein rask matpause før vi runda oppom 1343 og ved 1414 og kryssa Gravdøla greit like under 1368 - vatnet. Mykje tåkeskyer som gjekk og forsvann men vi forstod raskt ruta oppover ryggen - ei svart renne rundt 1600 moh med den brattaste klyvinga. Utruleg sleipt oppover lia sidan vi valde den brattase ruta opp og såg at den litt slakare steinura ved snøfeltet ville vera betre ved retur.

knutsdotter_20160801_579f9f57dfb69.jpeg

Grunna mykje tåke bygde vi eit par ekstra vardar ved 1650 for å trefffa riktig punkt når vi skulle heimatt. Ellers er det sporadisk varding til toppen. Ei litt meir "nymotens" hittegods og vegvisar fann vi ved ca 1900 moh med Store Ringstind i syningom:

knutsdotter_20160801_579fa09b7218d.jpeg

På toppen fekk vi sjølvaste sola på besøk og full uttelling med spektakulær og litt annleis vinkel til Store Austanbotntindane, Store Ringstind og Midtre.

knutsdotter_20160801_579fa2658ba2d.jpeg
knutsdotter_20160801_579fa301aea85.jpeg

Storen gøymde seg i skyene men Kjerringi og Mannen stod støytt samt skimta Styggedalstindane. Flotte ryggar fekk vi sjå inniellom; Midtmaradalsryggen og Gravdalsryggen.

knutsdotter_20160801_579fa3b6695e6.jpeg

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.

Advertisement