Urfjellet juni 2013 (23.06.2013)  4

Written by Ingodingo (Inge-Andre Johansen)

Start point Straumgjerde (100m)
Endpoint Hjorthol (100m)
Characteristic Hike
Duration 5h 00min
Distance 14.5km
Vertical meters 1,167m
Map
Ascents Urfjellet (1,267m) 23.06.2013

Tåke og duskregn men det var tydelig at sola skein over tåka, so det var lett å bestemme seg for fjelltur. Start frå sætrevegen på Straumgjerde. Det var visst motbakkeløpet "Opp på Bruna" denne dagen, så det var folksomt oppover. Første trimpost på Brune - her er det om å gjere å snike med seg flest mulig trimpoeng på vegen - i regi av Velledalen IL. I Osen på Langeneset er det Turvandraren i Sykkylven og Vik IL som har trimpost...I Straumsbotnen er det fint å raste litt, med benkar ved vasskanten. Urfjellet stikk sporadisk fram frå tåka. Frå Straumsbotnen byrjar den virkelige stigninga. Først opp på Koppen (som er trimpost for VIL) så til Svadfjellet der det må fyllast på med meir brensel. Siste stigninga opp mot Urfjellet er utrulig dryg! Kjente godt at eg hadde ein fjelltur frå fredagen i beina. På toppen kom tåka sigande med nokre få dråpar regn. Men det var varmt og utsikt i nokre retninger gjorde det verdt slitet. Eg valgte å gå ned på Hjorthol, der det er ein trimpost på skogsvegen...

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.