Oksen (25.01.2014)

Written by JPV100 (Jan Petter Vad) GSM

Start point Hatledalen (96m)
Characteristic Hike
Duration 2h 38min
Distance 9.8km
Vertical meters 1,044m
GPS
Ascents Eidsfjellet (475m) 25.01.2014
Kolåsen (372m) 25.01.2014
Kvitfjellet (833m) 25.01.2014
Nordøstre Oksen (567m) 25.01.2014

Eg fulgte grusveg opp til Hatledalen og "T-krysset" midt på myra. På kartet står det at vegen hit er stengt med bom, men eg såg ingen bom.. Herfrå var planen å følge grusvegen vidare i retning Hatlesetra, men tilfeldigvis traff eg ein kar som tipsa meg om å følge en traktorveg rett nordover fra det nevnte krysset. Denne gjekk etterkvart over til sti, og tok meg opp til Slettskaret. Herfrå var det enkelt til topps via nordaustegga. Joggesko med broddar var ypperleg fottøy i dag...ein skulle ikkje tru det var slutten av januar..

Returen gjekk tilbake til Slettskaret, og derfrå tok eg turen bortom Eidsfjellet, og vidare ned til Kolåsen. Dei to sistnevnte var fine skogstoppar, med mykje innslag av store, trollske furutrær. Kanskje bra plassar for å oppleve orreleik? Det må nesten utforskast når våren kjem!

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.