Salsegga 1256 moh frå Sunde (16.03.2014)
Written by Eikås (Janne Eikås)
Start point | Sunde (237m) |
---|---|
Endpoint | Sunde (237m) |
Characteristic | Randonnée/Telemark |
Duration | 3h 30min |
Distance | 9.0km |
Vertical meters | 1,032m |
Skjønt einig om tur idag og sidan snøen virkeleg har gjort sin entre i distriktet!! :) Vi tenkte start frå Dvergsdalen og opp Salsegga, flott rundtur og nedrenn til Sunde ved Kjøsnesfjorden. Meining var at Siw skulle vere med, men forandring i planane for ho! Så ein liten prat fekk vi tid til og vi starta turen frå tunet der. Vi følgde ytterste skogsveg oppover og kom opp på Sundsstøylen. Herifrå var det ypperlege snøforhold, tungt å brøyte med så pass mykje nysnø.. men vi tenker begge att det er bra for kropp og sjel og då er det jo greit :) Komt oppi dalen eit stykke, så plutseleg fekk vi nyte synet av ein spenstig Hare, med eit svart øyre.. fornøyeleg "type" med fin driv oppover lia :) Naturopplevelsar som beriker ein fjelltur! Dårleg sikt på toppen idag og, men det gjere ingen verdens ting, berre ein har muligheit til å vere på tur :) Vi kunne faktisk med litt tolmodigheit på slutten, renne heilt ned til vegen og tunet til Siw på 237 moh
Takk for fin søndagstur Brit Siv
User comments