Sogndal: Nuken (09.06.2014)

Written by boven (Ove Lotsberg) GSM

Start point Åberge (250m)
Endpoint Åberge (250m)
Characteristic Hillwalk
Duration 2h 07min
Distance 9.3km
Vertical meters 680m
Map
Ascents Nuken (919m) 09.06.2014

Avslutning på 3 flotte dagar i Sogndal kommune (+ein liten Lustertopp). Parkerte på Åberge, det var ikkje heilt lett å finne nokon tilvist parkering der så vi spurde ein grunneigar. Han veiva med nevane og sa at alt var greitt, så vi lirka bilen til ved ei grå bu der det er skilta innkjøyring forbudt. Mykje folk på veg opp og nedetter vegen, men når vi kom opp til Hølsete var det ikkje meir folk å sjå. Ein hoggorm bukta seg fint bortover vegen og vi skvatt aldri så lite. Vi valde den kortaste varianten til Nuken frå Hølsete. Merka og greitt å gå der, men i våtare tider er sikkert myrane blaute og trasigare å gå. Økta bra på og kom til toppen av Nuken ca 1,07 etter vi starta frå bilen. Rett før toppen møtte vi 2 damer på vei nedover. Den eine hoiia og vinka noko voldsomt. Eg skjønna ingenting før eg etter ei stund kjenner igjen OppturAnne. Vart invitert på kaffi hos ho etterpå. Slo ihjel ein god time der før vi kjøyrde heim til Nordfjord godt nøgde med helga.

boven_img_5305.jpg

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.