Gjegnen
- Date:
- 25.08.2016
- Characteristic:
- Hillwalk
- Distance:
- 22.0km
Gjegnen igjen, ein favoritt topp, denne gongen som Guide/Sherpa for Lars. Alltid like kjekt :)
Skåla
- Date:
- 24.08.2016
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 3:17h
- Distance:
- 8.2km
Etter mykje fjell i det siste gjekk det ikkje på under 2 tima i dag, men det var farlig nære. Var fint første halva så kom vinden og regnet, var surt siste stykket, men vinden gav seg litt på toppen. Skodda låg lavt i Nordfjord i dag, men ikkje i Loen der var det relativt god sikt i dag.
Skruven i dag
- Date:
- 23.08.2016
Blei litt solbrent i dag gitt. Lite bilder, men men, forbedringspotensial overalt :) Flott tur var det no!
Gjegnen
- Date:
- 22.08.2016
Årets 4 tur til Gjegnen, mektigaste fjellet i ytre! Var heldig med veiret, strålande heilt til eg var på veg tilbake over breen, då begynte det å regne og skye til.
Klakken, Felden, Litletoren, Storetoren, Ljøsuregga
- Date:
- 20.08.2016
Kosetur på toppane bak harpefossen. Starta på parkeringsplassen ved trekket. Gjekk først på Sandegga(Klakken) deretter over vest ryggen til Felden, same vegen tilbake og vidare til LisjeToren, eit mektig fjell, som eg må prøve å gå frå Bjørkedal sida ein gong, det har eg aldri gjort. Ned same veg og så skar eg opp nordsida på Ljøsuregga og ein snart visitt til StoreToren, før turen gjekk heim. Igjen lite bilder, men er ikkje alltid det som står i haude på ein når er ein er i flytsona i fjellheimen :)
Bispen og Kongen
- Date:
- 01.08.2015
- Characteristic:
- Hillwalk
Nydeleg dag i Rauma! To flotte fjell som både Simen og Christoffer hadde tatt et par daga før, men som dei likte så godt at dei ville ta dei ein gong til og då passa det for meg også. Så det var kjekt, nydelig dag med sol og masse tullprat. Etter turen blei det pizza :)