Årets mest strevsomme tur.. (27.11.2014)


Startsted Fossheimkraft (219moh)
Sluttsted Fossheimkraft (219moh)
Turtype Fottur
Turlengde 4t 00min
Distanse 13,7km
Høydemeter 1155m
Kart
Bestigninger Bolsetnipa (1238moh) 27.11.2014
Litlenipa (1024moh) 27.11.2014
Godveret fortsetter og då må ein berre nytte alle muligeheiter til tur. Lenge sidan eg har vore på Bolsetnipa og mangla Litlenipa. Trudde ikkje det var komt så mykje snø i denne høgda,(sjølv om det eigentleg er lite etter forholda) og droppa truger. Ski tenkte eg var heilt utelukka!! Hadde så stort tenkt å fortsette vidare mot Tortnegrøegga og plukke med Skåfjellet og Langefjellet og vidare ned til Befring. Møtte mange på tur til Dammen i Fossheimsdalen, så litt tid til litt hels og prat må til og er berre koseleg. Kom opp mot høgda til Litlenipa, så begynte strevet... Delvis skaresnø, fokksnø og til knes enkelte stader og det som verre er!! men hadde bestemt meg for at Litlenipa måtte eg no klare utifrå dei store turambisjonane mine for dagen...Lykkeleg sto eg på toppen av Litlenipa og såg bort på Bolsetnipa, og tenkte at eg kan jo ikkje gå ned att uten å ha vore på hovedtoppen...der går jammen grensa!! Så det var berre å traske i veg. Kom ned i skaret og såg oppover lia med godt mot og på spora etter ein hare som følgde tydleg turmerkinga oppover...Kom opp i ura, der eg fleire ganger gjekk skikkeleg gjennom og med litt @@@ såg eg på dei lette spora til spreke harepus og frustrasjonen steig eit par hakk. Kom opp på ryggen gjekk det litt betre, her dilta eg etter harepus, han hadde tydleg leia og retning mot Bolsetnipa :) Kun våre spor i snøen her denne dagen, skal tru kva ambisjonar han hadde for toppen! Då hovedmålet endeleg var innan rekkevidde, måtte eg le. Harepus hadde sikkert 10 runder rundt steinen og varden før spora var i samme retur ned att :) På toppen var det berre greit, turen skulle ikkje vidare til Tortnegrøegga og var vel storfornøgd med dagen :) Knipsa nokre bilder og retunerte noko lettare i spora nedatt
eikås_img_2105.jpg
eikås_img_2107.jpg
eikås_img_2112.jpg
eikås_img_2113.jpg
eikås_img_2123.jpg

Kommentarer

  • -
    avatar

    Tittel mangler

    Skrevet av Øyvindbr 01.12.2014 10:47

    Det var jaggu flotte bilder til tross for skyer på himmelen! Spesielt bilde nr 2 og 4 gir meg lyst til å komme meg til topps der borte. Men når det er skareføre som ikke holder så har disse bildene en høy pris!

    Hadde faktisk en av årets mest strevsomme turer sjøl denne helga. Tok det som en eksamen etter alt sjuketullet tidlig i oktober og rolig gjenoppbygging. Med sekk over 30 i noen timer, uteligging med hardt vedarbeid og bål som forbrant panna, og inngripen i en hundeslåsskamp på toppen av det hele så ble helga relativt legendarisk. Og jeg hadde trengt nye 8 timer med søvn da klokka ringte i dag...:)

    • -
      avatar

      Sv: Årets mest strevsomme tur

      Skrevet av Eikås 03.12.2014 09:36

      Takk Øyvind for det :) Ja, den dagen hadde bilda høg pris!!! Av og til må ein i kjellaren både fysisk og mentalt, men fint å rive seg ut på natur elementa då ;) :) Ka slags tur var du på den helga ? Såg ein utruleg fin fjell rapport hos deg på Rysy og Tatra fjella. Det området såg spennande og flott ut :) :)

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.