Mindre Forbruk og Meir Natur!! (09.05.2015)
Startsted | Ytre Torheim (50moh) |
---|---|
Sluttsted | Ytre Torheim (50moh) |
Turtype | Fottur |
Turlengde | 2t 00min |
Distanse | 6,8km |
Høydemeter | 522m |
Kart |
Bestigninger | Kroknakken (515moh) | 09.05.2015 |
---|
Etter ein super tur på Hornet måtte eg og få med Kroknakken. Eit litt artig navn som eg funderte litt på... den nærmaste forklaringa eg kunne komme på måtte være alle dei forvridde furu trea eg såg undervegs til topp`s :) Tok av frå Fv 662 ved Ytre Torheim og opp ein grusveg eit lite stykke. Parkerte ved ei bru med nokre små gardstun og eit nytt veiskille til venstre som går oppover til Vårsætra. Følgde vegen så langt som den gjekk og forbi sætra, der tok eg av til høgre. Det kunne sjå ut til at der gjekk ein sti, følge høgda heile vegen gjennom Småtausedalen og inn til linja. Derifra greit å halde høgda og ryggen langsetter linja til toppen. Hadde gleda meg litt til denne toppen for då ville eg komme endå nærmare Gjegnen og nyte synet av det ville området i Gjegnalunden. Då eg nærma meg toppen, var det ikkje til å komme unna at det var dei enorme stålmastene som dominerte dette området og til sjuande sist duren av arbeid med linje oppspenning... To karar frå Åndalsnes var på jobb på toppen denne nydelege godværsdagen, dei sette også selfølgeleg pris på godværet og den nydelege naturen. Det er ikkje til å komme forbi at det er litt vemodigt å sjå dei enorme mastene og linjene som fargar synet av den storslåtte "rørte" naturen som er spesiell i dette området.
Kommentarer
Feil klimafokus
Skrevet av Øyvindbr 12.05.2015 09:28Du har helt rett i at det er mindre forbruk som er veien å gå. Ikke stadig mer kreativ forskning for å finne mer klimavennlig teknologi. Fokuset i dag er at vi må opprettholde forbruket og gjerne øke det, men derfor bygge ut mest mulig natur på en måte som ikke forurenser. Og da melder jeg meg ut og får ikke dårlig samvittighet av å forurense med for eksempel bil. Samma for meg at jord, luft og vann blir reint så lenge naturen bygges ut. Vil heller ha det omvendt. For å få i pose og sekk må vi redusere forbruket.
Flott natur borti Gjegnalunden ja! :)
Sv: Feil klimafokus
Skrevet av Eikås 17.05.2015 22:07Ja, det er vel i grunn eit greit reknestykke og det er ei skremmande likegyldigheit til forbruk og engasjement i dagens natur og samfunn! Vi har nokre eksempel av det!! Naturen i Gjegnalunden er nydeleg fin, har du vore på Gjegnen ? Ellers fortsatt ei fin 17 Mai :)
Sv: Sv: Feil klimafokus
Skrevet av Øyvindbr 19.05.2015 15:47Vi er i grunnen enige om enkelte saker og ting vi to. :)
Nei jeg har dessverre aldri vært på Gjegnen. Med lapp og bil hadde jeg nok tatt den i studietida. Og sjøl om jeg ikke skrev kommentar så merket jeg meg turrapporten din derfra ved påskeslutt i fjor. Fantastisk område! Er for lite bereist i vårt nydelige land, men jeg fikser nok Gjegnen til slutt. Hadde jo mast om for eksempel Raundalsryggen i minst 10 år, og i april i år satt den endelig...:)