Ein fin rundtur frå Storhaugan, der eg kryssa elva over brua ved Værmedalssætran. Fint å følge ryggen på Veslfjellet med fine svaberg å gå til Sæterhøa. Gjekk ned til Tverråbotnet og runda vatnet 1210 og vidare opp den breie fine ryggen til Dønttinden, ein del snøfonner låg att her. Ei kraftig snøbyge fekk eg med på toppen men sol og sommer var tilbake lengre nede i lia. Følgde Tverråa ned og vassa over elva som heldigvis ikkje var så flaumstor. Fint å russle tilbake vegen gjennom Vermedalen. Fin og stille åleinetur i ein nydeleg dal med nydelege toppar som Salknappen, Dønttinden og Vermetinden. Utsikta frå desse toppane over mektige Romsdalsfjell kan ein heller ikkje klage på :)
Kommentarer
Der skulle jeg også ...
Skrevet av arntfla 17.08.2015 17:17gjerne vært ;) Lurer forresten på om "Dønt" kommer av "Dent" (tann) ...
Sv: Der skulle jeg også ...
Skrevet av Garm 17.08.2015 19:41"Dønt" er også ei bøyingsform for dundre/drønne.
Sv: Der skulle jeg også ...
Skrevet av Eikås 24.08.2015 22:53Denne toppen er fin Arnt :) Salknappen like ved er like flott, men ville gått ryggen som vi gjorde frå Vermedalen. Artig at du lurer på navnet....spurde ein lokal eldre grunneigar og lærar om han visste korleis navnet på toppen vart uttalt og kva det kunne bety! Men han visste det dessverre heller ikkje...Reknar med Dåke har det superfint oppe i Nord :)