Reiste til Turtagrø etter jobb, ved rask bestemmelse på å springe Fannaråken opp. Eg burde jo ha eit løp denne sesongen før Skåla, som skulle gå helga etterpå. Meldingane for helga var ikkje noko særleg og motivasjonen var sånn passeleg. Sjølv om eg endeleg var restituert etter operasjonen i vinter. Kom inn til Turtagrø og det var mykje igjen av kvelden, bestemte meg for å ta ein lett joggetur inn Skagastølsdalen. Litt folk var det å treffe på tur, men få telt og ganske roleg! Fint å sitte ei stund inne ved Skagadalshytta og nyte stilla før retur til telt.
Kommentarer