Storehaug og Molden (19.05.2013)
På veg til Toppane i Jotunheimen i Nydeleg ver :) Hadde tenkt lenge på fjellet ved Solvorn og Molden som også går som motbakkeløp! Tok av til Solvorn, som er ei heilt spesiell nydeleg naturperle! Wallaker Hotell, er nok absolutt verdt eit besøk :) Parkerte ved Øvrabø, her er godt merka, men bratt sti til Fevoll. Traff på den trivelege odelsjenta der, som kunne fortelje meg om filminga til Operasjon Sogne Fjorden. Med bursdagsfeiring til Karina Hollekim og vingeflyging stuntet som rysta dei fleste i det selskapet!! Molden er ein spesiellt fin Topp, som ein ser markant alle stader frå, når ein ferdast etter vegen og rundt Lustrafjorden!
Kommentarer