Impulstur til Selje!! dag 1 (28.02.2014)
Bestigninger | Dalskarhornet (449moh) | 28.02.2014 |
---|---|---|
Gnullane (508moh) | 28.02.2014 |
Etter å ha studert Yr, såg det ut til å bli supert ver i helga:) lite nedbør og styrke bris av vind! Då er det berre å komme seg ut til havet! Håpet var vel endå at det var litt tele att i myrane, noko som det ikkje var...!! Pakka vel raskt i bilen, av det som trengdast til ei bil overnatting ved havet. Kom til Skei, Kor var gps`n... rask tlf til Joar, kan eg få låne din.. finn ikkje min!!! men der dukka den opp i løpet av samtalen! Godt med venner langs ferdavegen å spørje uansett!! :) Litt fort i svingane av og til.. og fant vel ut at halvparten av det eg hadde klart å presse inn i bilen kunne vore heime :) Så mange fine topper i Selje, så her lyt ein ut fleire vender :)
Tur 1. Gnullane 508 moh Starth. 231 moh 6,7 km Totalstigning 330 m Tid t/r 1,27 t Turen gjekk via Okla 458 moh og Hanekamben 502 moh
Tur 2. Dalskarhornet 449 moh Starth. 231 moh 1,7 km Totalstigning 236 m Tid t/r 18 min
Kommentarer