Arkiv - dato
Arkiv - aktivitet
-
Annen tur (5)
- Ekspedisjon (1)
- Kajakkpadling (3)
- Annen vintertur (69)
- Fottur (951)
-
Klatring (3)
- Alpin klatring (1)
-
Skitur (159)
- Fjellskitur (38)
- Langrennstur (4)
- Randonnée/Telemark (114)
-
Sykkeltur (1)
- Terrengsykling (1)
-
Trening (9)
- Tredemølle (4)
"Peakbookvenner"
Gravsfjellet og Tindefjellet i Jølster
- Dato:
- 31.05.2016
- Turtype:
- Fottur
- Distanse:
- 9,2km
Nydelege dagar og det må nytast kvart eit minutt. Brit Siv hadde ikkje gått heile ryggen opp til Gravsfjellet. Så denne ettermiddagen passa det fint på mange måtar, Gravsfjellet ligg inne som ein trim og poengtopp for "Sprek" i Førde Kommune ifølge Brit Siv. Eg fortsatte vidare opp på Tindefjellet medan Brit Siv gjekk ned via Årset til Vassenden. Ho skulle på møte angåande boka Toppturar i Sunnfjord.
Skålefjell 765 moh Stavang/Flora
- Dato:
- 29.05.2016
- Turlengde:
- 1:39t
- Distanse:
- 8,3km
Dette var ein utruleg fin topp å gå med flott furuskog og nydeleg havutsikt. Stien var godt merka og den viser tydeleg at dette er ein populær topp å gå! Denne søndagen var det ikkje mindre enn 6 stk av den mannlige garde på toppen før meg og eg var den første av det kvinnelege innslaget på sein ettermiddag. Det var ikkje fritt for at tanken min streifa i dei baner at damene denne dagen, sto over grytene til søndagsmiddagen med alle ungane hengande i skjørtekanten!! :)
Byrdalsfjellet 532 Naustdal
- Dato:
- 29.05.2016
- Turtype:
- Fottur
- Turlengde:
- 1:02t
- Distanse:
- 4,2km
Tok av til høgre oppover ein skogsbilveg til Einevollen og rett etter der vegen er skilta ned til Helle. Ein sti er å finne like ved gardstunet og dei gamle murane men noko gjengrodd.
Fin kveldstur!
- Dato:
- 27.05.2016
- Turlengde:
- 4:23t
- Distanse:
- 23,7km
Mykje folk på tur i godværet og kjekt å treffe på så mange kjentsfolk på alle tre toppane!